Hopp til innhold

Børre Steenslid på veg til Molde

Børre Steenslid (25) frå Deknepollen i Vågsøy er på veg frå Viking til Molde FK.

Børre Steenslid

SKIFTAR TRULEG KLUBB: Viking-spelar Børre Steenslid er på veg til Molde.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Dette melder Stavanger Aftenblad. Etter det avisa kjenner til, skal Viking og Molde langt på veg vere samde om ein overgangssum for den solide midtstopparen.

Var stor avstand

Molde kom med det første framstøtet overfor Steenslid i midten av førre veke, då det var stor avstand mellom partane. Sidan skal Molde FK ha auka boda jamt og trutt, og skal ha kome til semje med Viking tysdag kveld.

Molde har tillyst pressekonferanse kokka 14 i dag, og det er venta at Steenslid blir presentert som ny MFK-spelar der.

Fekk ikkje Hovland

Det var imidlertid Even Hovland frå Sogndal som har vore MFK-manager Ole Gunnar Solskjær sitt førsteval som ny midstoppar i romsdalsklubben. Men Sogndal har stått fast på at Hovland ikkje har vore til sals.