Det var i førre veke det brann i ein konteinar ved skulen, og berre rask reaksjon frå brannvesenet redda skulebygningen frå å ta fyr. No har politiet oppklart kva som skjedde, seier lensmann i Bremanger, Hans Rune Strandos.
- Ein av dei hadde med seg ein lighter. Dei tok ut papp frå ein konteinar, og denne pappen tende dei på. Det vart eit ganske stort bål etter kvart, så dei vart litt redde. Dei trudde at dei sløkte flammane med vatn og ved å trampe på bålet. For å fjerne spora putta dei det utbrende papiret oppi begge konteinarane som stod der, seier Strandos.
Møte om hendinga
Men flammane blussa opp igjen, og skulebygningen var nær ved å ta fyr. Politiet har no hatt møte med foreldre og borna sjølve om hendinga, og er i ferd med å avslutte saka.