Faren i den utanlandske familien var ute av bilen og arbeidde med noko då bilen med dei to borna tok til å trille. Den eine ungen hoppa av i fart, medan den andre fekk skader på fortennene då bilen køyrde utfor ein skrent og stogga i eit tre.
Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Reinhart Sørgård, seier faren var letta over at det ikkje gjekk verre enn det gjorde.