Hopp til innhold

Mange handlar om sex og fyll - likevel samlar born på russekort

Russekort er eit populært samleobjekt for born i desse dagar. Det trass i at korta ofte handlar mest om sex og fyll.

Grove russekort

GROVE: Desse tre russekorta har gjerne ikkje motto som er like enkle å forklare for små born.

Foto: NRK

Mange foreldre får rett og slett eit forklaringsproblem når borna spør kva teksten på russekorta betyr.

Men russen, dei verkar ikkje å bry seg om det.

Kva synst du om mottoa på russekorta? Sei di meining nedst i saka.

Grove russekort er likevel populære

«Du store min, kor stor er din?» «Fem om dagen, sex om natta.» «Eg er mammas lille engel, men eg er ein djevel i senga!»

Det er berre nokre av mottoa på russekorta frå russen i Sogn og Fjordane denne våren. Det stoggar ikkje dei små, som kastar seg over russen når dei kjem gåande.

- Jaaaa, kan vi få russekort, ropar ungane i Storevatn barnehage i Florø i kor.

Ein gjeng med russ er innom for å dele ut russekort, og ungane flokkar seg rundt dei. Seks år gamle Ine Hovland Orre slepp alt ho har i hendene. Jakta på russekort er i gong.

- Det er kjekt å sjå på bilde, og kanskje lese litt. Men ikkje alltid, seier seksåringen.

- Det stod eit banneord. Det er ikkje flott!

For også borna legg merke til at det på russekorta handlar mykje om sex og fyll. Ikkje alle korta er like populære.

- Nokon synst eg er litt stygge. På eitt av korta var det eit banneord. Fy f***. Det synst eg ikkje er flott, fortel Ine.

Etter at russen har vore på besøk i barnehagen er Ine klar for å lese kva som står på endå nokre nye russekort. Ho kan lese store bokstava, og nokre små.

- F, l, o , r, ø. Florø, står det, les Ine frå russekortet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Plukkar russekort

IVRIGE: Dette er eit vanleg syn. Born over heile landet samlar på russekort i mai månad.

Foto: Aina Røldal / NRK

«Ikkje hat den som vil ha sex med eldre damer»

At ho ikkje kan lese alt er gjerne like greitt. Mange av russekorta ho har fått denne dagen handlar om sex, fyll og fest. Mellom anna Ruben Solheim sitt.

På russekortet hans står det: «Don’t hate the Milfhunter. Hate the Milf.» Altså: hat ikkje den som vil ha sex med eldre damer, hat dama.

Sjølv ler Solheim problemstillinga med born som les grove russekort vekk.

- Eg tenker vel berre at dei ikkje har lært seg engelsk endå. Vi tenkjer ikkje på dei som skal få dei når vi skriv dei, vedgår Solheim.

Russen tenkjer heller ikkje på foreldra som må forklare orda til borna.

- Det får bli deira problem. Det er jo ganske små, og burde vel kanskje ikkje lære slik ting, seier Solheim.

- Dette er ikkje meint for born

Ei som er uroa over dei grove tekstane på russekorta er mamma og leiar i Foreldreutvalet ved Storevatn barnehage, Marianne Nes.

- Eg kunne ønskje russen var meir selektiv i kva dei skreiv på korta sine. Ikkje alt er like moro, det er iallfall ikkje meint for små born, seier Nes.

Ho seier det byr på problem å skulle forklare dei minste kva tekstane og orda betyr.

- Du kan ikkje forklare i detalj kva som står. Ofte må ein seie at det er ein spøk, eller at det berre er meint for dei store, seier Nes.

- Trur du dei som går i barnehagen no tenkjer seg meir om?

- Det er lov å håpe.

Russ

PROBLEMATISK: Foreldre og russ er usamde om grove motto på russekorta er eit problem.

Foto: Rune Fossum / NRK