– Skadde vart filma frå veldig nært hald

VASSENDEN (NRK): Brannvesenet reagerer sterkt på at både vaksne og mindreårige filma skadde i tydeleg sjokk og smerte etter trafikkulukka i Jølster i går.

Innsatsleiar Dan Inge Gjesdal og Jan Rune Storøy ved Jølster brannvesen

SAMSPEL: Sjølv for vaksne kan ein ulukkesstad gi sterke inntrykk. – Det er foreldre der og andre vaksne på ulukkesstaden. Dersom vi alle tenkjer at dette ikkje bør skje, så kan ein ved neste høve ta tak i det og trekkje vekk borna, seier Jan Rune Storøy (t.h.) og Dan Inge Gjesdal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– At ein tek bilete av krasja bilar er ein ting, men eg tykkjer veldig lite om at personar blir filma når dei opplever sin verste dag, seier Jan Rune Storøy, ein av fleire i Jølster brannvern som rykte ut til frontkollisjonen på E39 i Jølster .

Medan naudetatane jobba med å få kontroll og oversikt i ein kaotisk situasjon med fem involverte, tok skodelystne film og bilete.

– Sett vekk frå kaoset i startfasen, med mange pasientar som hadde behov for hjelp, så registrerte vi born og vaksne som filma og tok bilete medan det låg skadde personar kring om, fortel Storøy.

– Filma på veldig nært hald

Mange fekk med seg ulukka som skjedde ved avkøyrsla til eit byggjefelt. I tillegg danna det seg lange køar på begge sider av ulukka.

Ein del kom til for å hjelpe. Andre vart ståande å sjå på.

Det er ikkje noko nytt at privatpersonar filmar og tek bilete på ulukkesstader. Også tidlegare har naudetatane bede folk om å leggje vekk mobilen på ulukkesstaden .

FEM INVOLVERTE: Ingen av dei fem vart livstrugande skadde i ulukka på Jølster. Blant dei skadde var to born.

Innsatsleiar for brann, Dan Inge Gjesdal, seier dei ofte opplever at privatpersonar tek film og bilete. Han ber folk vise meir omsyn enn enkelte gjorde på ulukkesstaden søndag.

– Skadde, som hadde behov for akutt helsehjelp, vart filma frå veldig nært hald, seier han.

Born filma

Gjennom ei lokal facebookgruppe, oppmoda brannvesenet foreldre om å prate med borna sine og eventuelt slette mobilvideoar og bilete frå ulukkesstaden.

– Det er kanskje «kult» å vise klassekameratane, men vi fryktar følgjene av det som utan tvil kan vere sterke inntrykk, seier brannkonstabel Gjesdal.

I motsetnad til trente naudetatar, har ikkje den vanlege mann i gata eit apparat rundt seg for å snakke ut om sterke inntrykk.

– Kan gi plager

Atle Dyregrov

UHELDIG: Psykolog Atle Dyregrov seier det er mange moment som talar mot filming på ulukkesstader. – Men verst er det for dei involverte og familiar, som kan få dødsbodskapen gjennom slike medium, seier han.

Foto: UiB

Atle Dyregrov, professor ved Klinikk for krisepsykologi i Bergen forstår uroa til brannvesenet i Jølster.

Ikkje minst med tanke på involverte og pårørande, som kan få dødsbodskap gjennom sosiale medium. Sterke inntrykk kan også setje seg i barnesinn.

– Smerteskrik, sterke syn og inntrykk er sjokkerande, og kan bli verande i minnet. Det kan kome attende og gi plager i etterkant, seier psykologspesialisten.

Uheldig utvikling

Dyregrov viser til at vitne til ulukker har trengd profesjonell hjelp for å takle inntrykk. Sensitive personar kan få plager i lang tid.

Psykologen meiner det stadfestar ei uheldig utvikling at born filmar frå ulukker.

– Born filmar fordi dei har sett vaksne gjere det. Dei opplever det som viktig å dele, og få merksemd som dei elles ikkje ville fått, seier han og legg til:

– Det er ei uheldig utvikling at ein nesten ikkje finnast, om ein ikkje er i dei sosiale medium.

– Hald borna vekke

Born, som vaksne, blir tiltrekt det spektakulære, som ei dramatisk hending kan vere. Han meiner det er vaksne sitt ansvar å skåne born.

– Ein vil ikkje unngå å bli dradd mot det spektakulære, men vaksne kan setje grense for kva vi sjølv gjer, og det borna våre gjer med mobiltelefonar, seier han.

Både Gjesdal og Storøy presiserer at ingen gjekk i vegen for naudetatane. Dei hadde likevel sett at vaksne kunne hjelpt til med å halde born vekke.

Sjølve måtte dei prioritere viktigare arbeid enn å passe på skodelystne.

– Med så mykje folk, så kan dei som er vaksne syte for at born ikkje blir utsette for syna som kan vere på ein skadestad, avsluttar Gjesdal.