Hopp til innhold

Born er redde for å møte på ulv

Born er uroa for å gå ute i mørket i frykt for å møte på ulven som luskar rundt. Det fortel FAU-leiar Tonje Førde Systad som har sendt brev til Fylkesmannen.

Beate Systad følgjer barnebarna til bussen om morgonen. Dette biletet er teke på kveldstid for å vise vegen dei går på veg til bussen.

REDDE FOR ULVEN: Dette biletet er teke på kveldstid for å vise korleis det er når farmor Beate Systad følgjer barnebarna til bussen i mørket om morgonen.

Foto: Tonje Førde Systad / NRK

– Nokre av ungane er redde, og ein del av foreldre er bekymra. Eg er mellom dei, fortel Systad.

Ho seier at andre ikkje bryr seg så mykje, men som leiar i foreldreutvalet (FAU) ved Lavik skule i Høyanger kommune valde ho å sende brev til Fylkesmannen. Her skriv Systad om born på Lavikdalen som ikkje tør å gå åleine til skulebussen fordi dei er redde for å møte på ulven som har blitt sett i Ytre Sogn og Sunnfjord.

Tonje Førde Systad

SENDE BREV: FAU-leiar Tonje Førde Systad fortel om born som er redde for ulven.

Foto: Lars Volldal / NRK

– Dette er ein ulv som ikkje skal vere her og som vi ikkje vil ha her, seier ho.

Seinast onsdag blei ulven blei observert ikkje langt frå der dei bur. For halvannan månad sidan fortalde ein bonde på Lavikdalen at han såg ein ulv berre 40 meter frå garden sin.

– Svigerforeldra følger ungane mine til bussen kvar morgon fordi dei ikkje har lyst til å gå aleine når det er mørkt.

– Ulv i Skandinavia er ikkje farleg

I dag kom eit nytt avslag på søknaden om utvida skadefellingsløyve. Miljødirektoratet står fast på at ulven ikkje utgjer stor nok fare for skade til å forsvare eit løyve no. Seksjonsleiar Knut Morten Vangen viser mellom anna til at husdyra no er inne.

– Vi meiner det ikkje er ein akutt skadesituasjon og at det er difor ikkje heimel for å gi løyve i dette tilfellet. 1. desember opnar lisensjakta som varer ut mai. Vi ønskjer å bruke det verkemiddelet i første omgang.

Vangen seier dei har respekt for at folk i området er uroa.

– Når det er sagt er ikkje ulven i Skandinavia farleg. Det er ikkje noko som tyder på at denne ulven har noko unormal åtferd.

Meiner det blir gjort ein feil

Førre veke blei det rapportert om at ein hjortekalv hadde blitt drepen i Fjaler, av det Statens naturoppsyn meiner er ulv. Jaktlaget meiner at dei no går glipp av den beste sjansen til å felle ulven.

Fellingsleiar Stein Mortensbakke meiner direktoratet gjer ein stor feil.

– Vi hadde tiltak som ville ha verka om dei ikkje hadde stoppa oss. Om ulven ikkje drep sauer no, vil han garantert drepe til våren igjen. Vi hadde 170 hjortejegerar som hadde løyve til å jakte han. No har vi ikkje det.

Føler seg overkøyrde

Nestleiar Ole Bjarne Hovland i Sogn og Fjordane bondelag er heller ikkje nøgd med avslaget.

– Eg tenkjer vi har ei rovviltforvaltning og ein politikk som ikkje blir følgt. No er det andre vinteren ulven får vere her.

Han seier dei er i tenkeboksen om dei skal anke på nytt. No håper han politikarar vaknar.

– Vi føler oss overkøyrde rett og slett.

Brevet FAU-leiar Tonje Førde Systad sende Fylkesmannen har blitt sendt vidare til Miljødirektoratet. Ho har ikkje høyrt noko enno.

– No håpar vi at dei i alle fall har i bakhovudet at born og foreldre er redde.