Dermed er ein av dei verste flaskehalsane mellom Austlandet og Vestland historie.
Tryggare veg
- Vegen har vore rasutsett, svingete og uoversikteleg. Utbetringa vil gi betre tryggleik for sjåførane, og den nye vegen fører til kortare reisetid, seier prosjektleiar Jon Kvåle.
Til saman 7,5 km ny veg
Vegen mellom Seltun og Voldum vil få ein sluttkostnad på 254 millionar kroner, for til saman 7,5 kilometer ny veg. I fjor vart den første delen av strekninga opna. Delstrekninga Sjurhaugsfossen - Voldum som vart opna i dag kostar 152 millionar kroner.
Tidlegare vegsjef Lars Lefdal håpar at arbeidet på siste del av strekninga, fram til Borlaug, kjem i gang allereie til hausten.
Foto: Arve Uglum, NRK