Hopp til innhold

Borghild (99) gler seg som ein unge til julaftan

Ho har feira jul 98 gonger. I morgon ventar nummer nittini 99.

Borghild Næss (99) gler seg som ein unge til julafta

TAKKAR KOSTHALDET: Borghild Næss har eit lang liv bak seg på husmorskulen, både som elev, lærar og rektor. Ho takkar den allsidige kosten dei vart opplært til for den gode helsa og trur dagens unge kunne hatt godt av å lære eit knep eller to som dei kunne.

Foto: Silje Guddal / NRK

Men ikkje tru at Borghild Næss frå Stryn (99) har gått lei. Framleis gler ho seg like mykje til julaftan kjem.

– Naturlegvis, for eg for meir besøk og slepp å sitte åleine så mykje som eg gjer, seier ho.

Lagar all mat frå botnen

Nittiniåringen har eit langt liv bak seg på husmorskulen, både som elev, lærar og rektor. Ho meiner bestemt at mange av dagens unge hadde trengt å tileigne seg litt av den kunnskapen dei fekk den gongen.

– Det å lære å lage mat og stelle sitt hus, det har alle bruk for. Det er ikkje berre å springe i butikken og kjøpe, seier ho.

Framleis blir all maten ho et laga frå botnen. Nettopp det gjev ho æra for at ho framleis er frisk og oppegåande.

– No er eg pleiepasient og eg har dei som kjem for å sjå etter meg. Eg er den einaste, trur eg, i heile omsorga deira som ikkje tek ein einaste tablett. Det skuldast at eg har levd sunt, skikkeleg kosthald, seier ho.

Ho byrja på husmorskulen i 1938. Det var 30 elevar, men søkjartalet var høge, og det vanskeleg å komme inn.

– Det folk flest ikkje veit, var at vi hadde veldig mykje teori. Vi hadde to timar kvar dag, det var helsestell, kosthald, kjemi, dyrestell og alt mogleg, seier.

Tilfeldig jobbtilbod

Den gong var det utenkjeleg at ho seinare skulle sitje i rektorstolen for den same skulen.

– At eg skulle bli rektor var ikkje i mine tankar då, men dei to åra eg var på skulen før eg byrja på lærarskulen var veldig lærerike. Eg gjorde alt mellom himmel og jord, seier ho.

På lærarskulen byrja ho under krigen og ho var ferdig utdanna i 1945. Då kunne ein ikkje søkje nokon plass. Ho fekk jobben fordi ein av lærarane hadde pådratt seg isjias i sprengkulda som var den vinteren.

Så då flytta ho til Stryn like før freden braut laus. Og der vart ho. Først som lærar, deretter som rektor frå 1950 til 1985.

– Eg var ikkje streng, men eg håpar eg var rettferdig. Og eg hadde ikkje problem med å leie elevane, heldigvis for det, seier ho.

Dette var ei tid då det var få kvinner som i det heile tatt hadde arbeid.

– Eg tykte det gjekk av seg sjølv. Det som gjorde det, var at eg hadde gått på skulen to år før eg vart lærar. Då kom eg liksom bak kulissane, seier ho.

Held framleis koken på kjøkenet

Gjennom eit langt liv har ho lært seg nokre triks på kjøkenet. Men at ribba er vanskeleg å få til, det er ho ikkje med på.

– Viss ikkje svoren er sprø når ribba er ferdig, så er det berre å løfte den litt høgare opp i steikeomnen og setje på grillen. Det er svært enkelt. Og så skal den ikkje stå å skvalpe i kraft, den skal vere stekt og ikkje kokt, seier ho.

Ho har ikkje tenkt å gje seg med kokkeleringa med det første. Seinast denne veka gjekk ho til innkjøp av ei flunkande ny kjøkkenmaskin. Bakekjøkkenet ho hadde brukt i kjellaren vart nemleg forvandla til eit ishus, då ho i sommar byta oljefyringa med varmepumpe.

– Då gjekk det ikkje å få til gjærbakst lenger. No kan eg bake på kjøkkenet og det gler eg meg til, seier ho.

Sjølv om ho brenn for matlaging, meiner ho det er viktig at det ikkje går over styr. Spesielt i den travle julestria.

– Det er ikkje nødvendig å bake alle desse kakene, for dei blir ikkje brukt likevel. Dei blir lagt ut til fuglane når vi kjem til påske, seier Næss.