Hopp til innhold

Bonus på 40.000 til tilsette

Entreprenørselskapet Åsen & Øvrelid i Førde gjorde det godt i 2012.

Leif Arne Åsen

- KJEMPEGODT ÅR: Dagleg leiar Leif Arne Åsen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Årsresultatet vart på nesten 40 millionar kroner. Det gjorde at kvar tilsett i selskapet fekk utbetalt nær 40.000 kroner i bonus, skriv Firda.

– Vi hadde eit kjempegodt år i fjor, det er ingen tvil om det. Vi har vore heldige, i tillegg har vi veldig flinke folk som styrer prosjekta, og vi har ein god og effektiv organisasjon, seier dagleg leiar Leif Arne Åsen til avisa.

Selskapet har ein resultatstyrt bonus, og Åsen meiner det er ei av årsakene til at dei gjer det så godt.

Åsen & Øvrelid-skilt

GOD BUTIKK: Åsen & Øvrelid har gjort det godt over fleire år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK