NRK Meny
Normal

Lot seg ikkje stoppe av kansellert fly – talte til elevane i Sogndal på storskjerm

Tåke på flyplassen i Sandane stoppa han frå å møte personleg, men den tidlegare statsministeren kom seg likevel på talarstolen under den internasjonale dagen til Sogndal vidaregåande skule.

Kjell Magne Bondevik taler til elevane i Sogndal frå storskjermen

KLAR BODSKAP: Kjell Magne Bondevik, tidlegare statsminister og leiar for Oslosenteret, er oppteken av at ungdom ikkje skal miste håpet sjølv om dei kvar dag blir overfløymd av negative nyhende frå heile verda.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Kjell Magne Bondevik var hovudtalar og skulle ha kome med flyet frå Gardermoen i dag. Slik gjekk det ikkje, men på storskjermen i idrettshallen fortalde han elevane om personlege møte med leiarar som viser at enkeltmenneske kan endre historia.

– Ikkje alle kan bli ein Mandela, Aung San Suu Kyi eller Gorbatsjov. Men vi kan bidra på vår måte, slik som skuleungdomen i Sogndal gjer ved å samle inn pengar og ved å engasjere seg i eit prosjekt, seier Bondevik på telefon til nrk.no etter at talen er over.

– Mykje i verda går rette vegen

Sogndal vidaregåande skule har dei siste åra engasjert seg for å hjelpe barn i Sør-Afrika og Zambia. Den internasjonale dagen er startskotet for innsamlingsaksjonen dei skal ha neste fredag.

Bondevik er i dag leiar for Oslosenteret for fred og menneskerettar. Med alle dei negative inntrykka vi får gjennom media, meiner han det er viktig å formidle at det gjeld å ikkje miste trua.

– Når vi ser kva som skjer i Syria, Irak, Ukraina og med ebola-epidemien, er det lett å miste motet og tenke at det ikkje nyttar. Men då blir situasjonen berre verre for menneske i nød. Så eg er oppteken å fortelje at det er mykje i verda som går rette vegen, seier han.

Gunhild Sofie Vangsnes var ein av dei to konferansierane som leia arrangementet frå scena i idrettshallen. Ho er positivt overraska over kor mange ungdom som faktisk engasjerer seg i internasjonale spørsmål.

– Me ser på tala over kor mange som bidreg på dei innsamlingsdagane at dei fleste stiller opp. Og det er bra, for vi har tent inn mange, mange tusen kroner, seier ho.

Dei to konferansierane på den internasjonale dagen på Sogndal vidaregåande skule

FULLSETT SAL: Den internasjonale dagen er startskotet for innsamlingsaksjonen som Sogndal vidaregåande skule arrangerer neste fredag.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Har bygd førskule og starta matprogram

Fleire gonger har elevar og lærarar frå skulen vore på besøk til Sør-Afrika for å følgje prosjekta på nært hald og møte menneska dei hjelper.

Line Uglum Vedvik, også ho konferansier, seier det gjer inntrykk å høyre korleis pengane dei samlar inn faktisk utgjer ein forskjell.

– For eksempel i Eshowe, som er det prosjektet som Sogndal vidaregåande skule står bak, så har vi fått bygd opp ein førskule og vi har òg starta eit matprogram som gjer at barna som går på førskulen har ein fast kjelde til mat kvar dag. Vi ser jo at det utgjer ein stor forskjell for dei, seier ho.

– Vi ser kor glade dei blir dei vi hjelper. Det gjer godt for oss òg, seier Vangsnes.

Elevrådsleiar trur det betyr alt at elevane får delta direkte gjennom utviklingsprosjekta skulen har sett i gong.

– Då får du eit nærare forhold til det. Då blir du ikkje berre ein passiv tilskodar bak TV-skjermen. Du blir aktiv og føler du får gjort noko, seier han.

Elevar samla i gymsalen under den internasjonal dagen i Sogndal

SER AT DET NYTTAR: Elevane Line Uglum Vedvik og Gunhild Sofie Vangsnes seier at hjelpeprosjekta skulen står bak viser at det er mogleg å utgjere ein forskjell for menneske i naud.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen