NRK Meny
Normal

Bønder uroa for atomutslepp

Norske bønder følgjer med stor uro situasjonen rundt atomkraftverket i Japan. Framleis merkar mange følgjene etter Tsjernobyl-eksplosjonen i 1986.

Per Hilleren, Fukushima-kraftverket i Japan

SKEPTISK: Per Hilleren, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag er uroa over situasjonen ved atomkraftverket i Fukushima i Japan. Han håpar i det lengste at ikkje radioaktive utslepp skal råke norsk landbruk.

Foto: Digital Globe/HO/Reuters/NRK

- Konsekvensane kan bli store for norsk landbruk dersom radioaktivitet får spreie seg i luft og vatn. Eg er både uroleg og skeptisk, seier leiar Per Hilleren i Sogn og Fjordane bondelag.

Heile verda held pusten

Etter at Japan fredag vart råka av eit jordskjelv som målte 9 på Richters skala, og ei påfølgjande tsunami, kan verda no bli råka av det som kan bli blant tidenes største atomkatastrofer.

Ingen veit heilt sikkert kva som skjer i atomkraftverket i Fukushima, men alle arbeidarane er no evakuerte etter at det er målt for høge verdiar av radioaktiv stråling.

Mange fryktar at situasjonen skal utvikle seg til ei global miljøkatastrofe.

- Tankane mine går først og fremst til innbyggjarane i Japan. Samtidig er eg uroa for kva følgjer dette kan få for norske bønder, seier Hilleren til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sauer på nedforing i Rendalen

NEDFORING: Fleire bønder i Norge må framleis drive med nedfôring av sauer.

Foto: Joar Elgåen, NRK

Driv framleis med nedfôring

Tsjernobyl-eksplosjonen i 1986 fekk store konsekvensar for mange sauebønder i Norge. Framleis driv mange med nedfôring av sauane for å få ned det radioaktive innhaldet i kjøtet. Ein av dei er Kjetil Ruud i Jostedalen i Sogn.

– No er det 25 år sidan ulukka, og vi er framleis fleire medlemmer i sankelaget som driv med nedfôring. Eg håper verkeleg vi slepp å oppleve det same igjen, seier Ruud til NRK.

Usikkert kva som skjer

Professor og geofysikar Martin Hovland ved Universitetet i Bergen seier det er vanskeleg å føresjå korleis dette utviklar seg, men han fryktar det verste.

– Vi kan vente og sjå desse radionukleidane i Nordsjøen om kanskje to år. Men eg håper inderleg at eg tek feil, seier Hovland.

Fleire andre ekspertar seier det er veldig lite truleg at situasjonen i Japan kan utvikle seg til ei katastrofe som liknar på Tsjernobyl.

Tsjernobyl friskt i minne

Per Hilleren

UROA: Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren følgjer situasjonen ved atomkraftverket i Fukushima tett.

Foto: Arne Eithun / NRK

Hilleren har framleis friskt i minne kva Tsjernobyl-katastrofen førte til for norsk landbruk, og håpar i det lengste at dette ikkje skal skje igjen.

- For mange vart det meiningslaust å drive landbruk. Ein fekk ikkje nytte kjøttet og måtte destruere og kaste det. At dette i verste fall kan skje igjen, det er ein skremmande tanke, seier bondelagsleiaren i Sogn og Fjordane og legg til:

- Det er mange spekulasjonar, og mykje forskjellige utspel om kva som skjer. Vi følgjer dette tett, seier Hilleren.

Vil ha meir matproduksjon i Norge

Han meiner samtidig at det som skjer i Japan må få konsekvensar for korleis ein utnyttar ressursane for matproduksjon her i Norge.

Frå Japan kjem TV-bileta av japanarar som hamstrar mat, og Hilleren meiner norske styresmakter må få opp auga for at det er behov for meir matproduksjon lokalt.

- Vi må ta omsyn til at det kan skje ting i verda som gjer at vi ikkje har den tilgangen på mat som vi har i dag. Styresmaktene må sørgje for sterkare matproduksjon, slik at vi kan ha eit beredskapslager av mat, seier Hilleren.

- Kan ikkje ta mat frå dei som treng den meir

Han er fortvila over det han meiner er lite vilje frå politikarane til å sikre nok mat til slike eventuelle krisesituasjonar.

- Denne diskusjonen må berre fortsetje. Det kan ikkje vere slik at vi kan kome i situasjonar der vi kjøper mat frå land som treng maten sin meir sjølve, seier Hilleren.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå