Hopp til innhold

Bønder opplever rekordavlingar

– Rekorden kjem i grevens tid, seier fylkesleiar Anders Felde i bondelaget. Sjølv har førsteslåtten gitt to rundballar på målet, medan andre får over dobbelt så mykje. – Då er det snakk om kjemperekordar, seier han og meiner den gode avlinga er avgjerande for at mange bønder klarer å overleve økonomisk etter to magre grasår. – Det gir grunnlag for eit vestlandslandbruk som kan gå eit år i møte med ei inntektsheving. Det har vore vanskelege år for bøndene på Vestlandet med to år på rad med lite fôr. Det har tæra på økonomien og humøret til bonden, seier Felde.

Anders Felde, Sogn og Fjordane Bondelag
Foto: PRIVAT