Bjarte Nordanger. Arkivfoto NRK
Bondelaget fryktar at forhandlingane i verdas handelsorganisasjon, WTO, skal føre til at kvart land sin rett til eigen matproduksjon skal bli utsletta. Det seier Bjarte Nordanger, som er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.
- Nøydde å markere oss
Han er ein av dei som i juni snører på seg marsjstøvlane for å legge ut på den 200 mil lange turen til Genève. Det gjer dei når landsmøtet i Norges Bondelag er avslutta. - For i Genève pågår viktige WTO-forhandlingar, og der kan det bli teke avgjerder som slår uheldig ut for oss, så vi er heilt nøydde til å markere at dette er viktige saker for oss, seier Nordanger.
- Må gjere noko utradisjonelt
Bøndene meiner altså at faren for at WTO-forhandlingane vil slå beina under norsk matproduksjon er så reell at dei vil ta beina fatt og gå 200 mil for å markere uroa si. - Vi ynskjer å sette søkelyset på at vi må ha retten til å produsere eigen mat. For å få merksemd må vi gjere noko utradisjonelt, og difor går vi 200 mil til Genève, seier Bjarte Nordanger.