Bønder klagar på avslag

Bøndene i Hyllestad, Fjaler og Høyanger klagar på avslaget om å utvide fellingsløyve på ulv i området. Dei viser til at det ikkje skal vere ulv i fylket. Ein ulv har sidan i fjor sommar teke fleire dyr i området. Men fylkesmannen meiner skadepotensialet er lite, no som sauene er komne i hus. Difor blir ikkje siste fellingsløyvet utvida.