Hopp til innhold

Bønder fortvilar over at hjort gjer skade på marka

FJALER (NRK): Hjorten et opp gras og trakkar sund jorda hos mange bønder. No vil Sogn og Fjordane Bondelag nær halvere bestanden.

Kjartan Åsnes

SKADAR MARKA: Bonde Kjartan Åsnes har brukt mykje tid og krefter på slåttemarka si. Han har store problem med at hjorten et gras og trakkar sund marka.

Foto: Magnus Helle / NRK

– Vi er plaga med veldig mykje hjorteskade. Vi har ein betydeleg bestand i området her og i Fjaler, som er altfor stor og øydelegg veldig mykje av jorda og avlinga vår, seier Kjartan Åsnes, gardbrukar på Straumsnes i Fjaler.

Dei siste åra har han brukt store summar på fornying av jorda. Han ser ut på kring 100 mål der jorda er snudd og det er sådd nytt gras.

– Her er det eit vanvitig press på hjorten. Han trakkar over den gamle jorda her, går over vegen, så er det rett på den nyaste enga. Her ser ein det er heilt svart-trakka, viser Åsnes.

– Frustrerande

Totalt har han kring 500 mål som han slår. Åsnes fortel at mykje tid og krefter er lagt ned i slåttemarka for å større avling og nok fôr til dyra året gjennom.

– Då er det utruleg frustrerande å sjå kor svart-trakka det er. Om eit par år må vi fornye på nytt igjen fordi dei grasartane vi har sådd er vekk-beita og øydelagde.

Hjort på bøen

HJORT PÅ INNMARK: Bondelagsleiar Anders Felde vil ha hjorten vekk frå innmarka.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Hjorten beitar også på graset, men verst er det at jorda blir sund-trakka, ifølgje bonden.

– Kva tiltak tenkjer du må til?

– Hjortestammen må ned. Vi må ha mindre dyr for å få mindre skadepress på jorda vår.

Åsnes viser til at det er grunneigarstyrt hjorteforvaltning, og difor opp til bøndene sjølve å gjere noko.

– Vi har kanskje ikkje gjort nok, og kanskje ikkje dei rette tiltaka, seier han, og meiner noko no må skjer så raskt som mogleg.

– Prekær situasjon

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, fortel at dei dagleg får tilbakemeldingar frå bønder som slit med same problem.

Hjort skadar marka til bonde i Fjaler

TRAKKAR SUND: Hjorten trakkar og gjer skade på marka til bonden i Fjaler.

Foto: Magnus Helle / NRK

– Vi har ein altfor stor hjortestamme i Sogn og Fjordane. Den tek veldig mykje av fôret vårt, gjer stor skade på skogen om vinteren, og begynner så på graset, seier Felde.

– Det øydelegg svært mykje for bøndene, ikkje berre i Sogn og Fjordane, men også i Møre og Romsdal og Hordaland.

Felde ønskjer no å redusere hjortebestanden kraftig.

– Då snakkar vi på ein reduksjon på bortimot 50 prosent av dagens stamme.

Har ikkje råd

Felde meiner det er viktig at grunneigarane jaktar mykje om hausten, og viser til at det også er mogleg søkje om skadeløvve.

– Vi håpar forvaltninga etter kvart vurderer å opne for frie løyve på innmark, slik at vi få skote vekk mykje av hjorten som går på innmark. Hjort er eit utmarksdyr og då er det der den skal halde seg.

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag

– ØYDELEGGJANDE: Bondelagsleiar Anders Felde meiner hjorten øydelegg mykje for bønder i vestlandsfylka, og vil redusere bestanden kraftig.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Også Felde legg vekt på at hjorteforvaltninga er grunneigarstyrt.

– Vi må først og fremst gjere jobben sjølv. Men her treng vi òg at det offentlege i større grad er velvillige med skadefellinga slik at vi får skote mykje av hjorten som no går på innmark.

– Vestlandsbonden har rett og slett ikkje råd til å halde oppe denne hjortestammen som vi har i dag.