Hopp til innhold

Bønder er populær arbeidskraft

FØRDE (NRK): Til trass for dårlege tider i landbruket, er det få bønder som blir arbeidsledige.

Tor Arild Nydal Holsen

VIDEO: Tor Arild Nydal Holsen fekk fyrste jobben han søkte på, etter at han slutta som bonde. fekk fyrste jobben han søkte på, etter at han slutta som bonde.

– Eg tenkte eg måtte finne på noko anna å gjere, så eg ikkje brente meg heilt ut, seier den tidlegare bonden Tor Arild Nydal Holsen.

Han dreiv som bonde på Holsen i Førde kommune i mange år, før han selgde garden og byrja å søke jobb. Han søkte på ein, og fekk fort napp.

– Eg var jo litt spent på arbeidsmarknaden. Om det var noko for meg der ute, seier han.

Dei siste ti åra har talet på bønder blitt halvert, men det har ikkje blitt høg arbeidsløyse blant tidlegare bønder av den grunn.

Tidlegare bønder er attraktive på arbeidsmarknaden ifølge seniorrådgjevar Jostein Vik ved Bygdeforskning.

Jostein Vik

ALLSIDIG ARBEIDSKRAFT: Jostein Vik seier bønder får seg fort anna arbeid.

Foto: Randi Indrebø

– Bøndene har ein kompetanse som er etterspurd. Dei er fleksible og sjølvgåande. Det betyr at det er liten risiko for ein arbeidsgjevar å tilsette ein tidlegare bonde, seier Vik.

Dette støttar sjefen til Holsen, driftssjef i Coop Vest, Tore Gamborg.

– Mitt inntrykk av bonden, er at han sjeldan går og sleng og lurar på kva han skal gjere. Han er løysingsorientert og vant med å løyse problem der han er. Å få slike folk inn hjå oss er alltid verdifullt, seier Gamborg.

Tore Gamborg

BONDEVENN: Tore Gamborg har gode erfaringar med å tilsette bønder.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Holsen trivast i jobben som byggevareseljar på Coop.

– Det er mange forskjellige arbeidsoppgåver her. Litt som å vere bonde har eg ein variert kvardag, seier Holsen.