Hopp til innhold

Skulle ønskje fleire leverte kjøtt til dei - men samvirkeånda er sterk i fylket

Nordfjord Kjøtt hadde gjerne sett at fleire bønder i Sogn og Fjordane leverte beist til dei i staden for til samvirket.

Nordfjord Kjøtt

MEIR LEVERANSE: Nordfjord Kjøtt skulle ønskjer fleire bønder i fylket ville levere til dei.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg skulle gjerne hatt fleire positive tilbakemeldingar og fleire nye bønder som leverer slakt til oss. Det har vi absolutt behov for, og det håpar at skjer, seier Jarle Sæten, kundekontakt og rådgjevar i Nordfjord Kjøtt.

Han meiner at Sogn og Fjordane kan vere det verste fylket å jobbe i når det gjeld oppslutnaden om Nortura og få vel å levere til privataktøren Nordfjord Kjøtt.

Sterk samvirkeånd

Jarle Sæten, Nordfjord Kjøtt

GODE PÅ PRIS: Jarle Sæten, kundekontakt i Nordfjord Kjøtt seier at dei tilbyr betre prisar for kjøttet bøndene leverer inn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Samvirkeånda sit sterkt på Vestlandet og spesielt i Sogn og Fjordane. For andre plassar i landet, austafor til dømes der det er mange fleire konkurrentar, der er haldninga til samvirket mykje meir oppmjuka, fortel Sæten.

– Kvifor skal bøndene velje dykk framfor sitt eige samvirke som dei er med å eig?

– Det er pris. Og prisen bør bety mykje for ein bonde. Eg er bonde sjølv og er glad for dei kronene eg klarar å få inn.

Nordfjord Kjøtt seier dei betalar 1000 kroner meir for eit storfe, 5–6 kroner meir for kiloen for lam og eit par kroner ekstra per kilo for gris.

– Det kan bli mykje pengar til ein produsent som leverer til dømes 20 tonn med storfekjøt, seier Sæten.

– Vi er effektive

I april sa administrerande direktør i Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg at ein bonde med vel 20 kyr ville tene 29.000 meir på å levere hjå dei enn hjå konkurrenten Nortura.

– Korleis klarar de å vere så lønsame og profitable når de betalar meir enn konkurrenten for å få varene inn, og kanskje sel dei vel så rimeleg?

– Vi er jo effektive. Det er det ikkje tvil om.Vi har få kontortilsette og få folk i administrasjonen. Alle er i arbeid og jobbar heile tida. Det gjer at vi kan betale godt til bøndene våre på same tid som vi har dei rimelegaste varene i butikken, seier Sæten.

Pressar prisen for bøndene

– Det er mange fleire ideologar i Sogn og Fjordane enn i resten av landet når det gjeld landbrukssamvirket. Dei er opptekne av samvirke-tanken, seier administrerande direktør i Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg.

– Men er ikkje det forståeleg at dei har interesse av å levere til sitt eige samvirke i staden for å levere til ein konkurrent?

– Jau, viss dei har råd til det, så er det greitt. Det får vere opp til kvar einskild, men vi vil alltid presse prisen for bøndene, seier Roksvåg.

Det ser ikkje ut til å slå negativt ut for resultatet til suksessbedrifta i Nordfjord. I 2012 enda årsresultatet på 158 millionar kroner, noko som var rekord.

Leveringstryggleik

– Det handlar om at det er ein viss tryggleik for bøndene å levere til samvirket, seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren.

Per Hilleren

SAMVIRKET ER VIKTIG: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Per Hilleren seier samvirket er viktig for bøndene.

Foto: Johan Moen / NRK

Han legg til at samvirke-verksemdene, som i dette tilfellet er Nortura, er deira eiga verksemd.

– I gode periodar betalar dei oss faktisk tilbake på det vi har levert gjennom året. Det er vår eiga verksemd som vi faktisk ser er viktig å ha, og som vi ønskjer å halde oppe, seier han.

Sjølv om bøndene ville ha tent meir ved å levere til Nordfjord kjøtt, er det andre ting dei òg tenkjer på, fortel bondelagsleiaren.

– Dei vil sjølvsagt tene meir, men bøndene ser mykje meir langsiktig enn som så. Det er mykje som spelar inn, og det å ha eit godt og velfungerande marknadssystem gjennom Nortura og slakterisamvirke er viktig for norsk landbruk, forklarar Hilleren.

Bondelagsleiaren seier det er samvirket som balanserer tilgang og etterspurnad i marknaden.

– Den dagen vi ikkje har eit slakterisamvirke, så er eg ikkje sikker på om vi hadde hatt dei prisane hjå dei private aktørane som ein har i dag.