Hopp til innhold

Her er det fleire kilometer til neste plass der bonden kan sleppe trafikken bak forbi

NAUSTDAL (NRK): Saktegåande traktorar langs vegane fører til frustrete bilistar og farlege forbikøyringar. Bøndene vil ha vegar som er betre tilrettelagde for dei.

Traktor på veg mellom Naustdal og Førde på riksveg 5

MANGLAR LOMMER: På riksvegen mellom Naustdal og Førde er det lange strekningar utan moglegheit for å køyre ut for å sleppe trafikken forbi.

Foto: NRK

Atle Kringlen

SKUMMELT: Bonde Atle Kringlen prøvar å unngå å køyre langs riksvegen, men for å få gjort jobben som bonde blir han ofte nøydd til det.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

- Dette er stressande. Det er mykje trafikk, og eg får ikkje sleppt forbi trafikken på denne strekninga. Det ikkje er plassar eg kan køyre ut, seier bonde Atle Kringlen der han er på veg med traktor langs riksveg 5 mellom Naustdal og Førde.

Riksvegen ligg med fjellet bratt opp på den eine sida, medan eit høgt rekkverk står mellom vegen og sjøen på nedsida. Her er det lange strekningar utan moglegheit for å køyre ut for å sleppe trafikk forbi.

Både bøndene og Norsk Landbruksrådgiving skulle ønske Vegvesenet tok meir meir omsyn til traktorane når dei byggjer nye vegar eller utbetrar gamle.

- Vegane i dag er ikkje gode nok for å køyre traktor på, og det er ikkje tenkt nok på traktorane når dei blir bygde, seier rådgjevar Jogeir Agjeld.

Vil ha fleire avkøyringslommer

Jogeir M. Agjeld

LOMMER MED NOK PLASS: - Hugs traktorane i planlegginga av vegar, er bøna frå Jogeir Agjeld i Norsk Landbruksrådgiving.

Foto: NRK

I takt med at det blir færre bønder, vil det bli stadig meir traktortrafikk langs vegane. Forklaringa er at bøndene som driv vidare må køyre lengre avstandar når dei til dømes skal slå og hauste over større område.

Då bøndene tidlegare i veka kravde fleire avkøyringslommer, svarte Vegvesenet med å be dei fraktre traktorane med lastebil.

Agjeld krev at Vegvesenet tek bøndene sitt ønske om fleire avkøyringslommer på alvor.

- Det er nødvendig med store nok lommer, som kjem hyppig nok der traktorane kan svinge ut.

Bonde Atle Kringlen har sjølv opplevd halsbrekkande forbikøyringar når han har vore ute med traktor.

Mellom Naustdal og Førde måtte han ved eit tilfelle leggje seg heilt i atuovernet, då ein bilist så vidt klarte få plass mellom traktoren og bil som kom imot.

- Då var vi tre i breidda. Det kunne fort ha blitt ei dødsulukke... Det er ikkje noko moro å vere den som skapar slike situasjonar.

Lovar å lytte til bøndene

Helge Eidsnes

SAMSPEL: Regionvegsjef Helge Eidsnes meiner bøndene i det store og heile er flinke til å ta omsyn til andre i trafikken.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen vil gå bøndene i møte. Han vedgår at utspelet om at bøndene kan frakte traktorane på lastebil ikkje er gjennomførbart.

- Det er inga løysing. Vi har ei rekkje køyretøy i trafikken som ikkje går like fort som dei andre, og vi må halde oss til alle og få til eit samspel.

Utforkøyringar er blant ulukkene som skjer oftast, og som krev flest liv. Der Vegvesenet har sikra vegane med rekkverk, har det enkelte stader ført til at moglegheitene for å køyre ut av vegen og sleppe trafikk forbi har forsvunne.

Eidsnes seier dei må klare å ha to fokus i hovudet samtidig.

- Vi skal vurdere å lage fleire stopplassar, men så må vi samtidig passe på at vi ikkje løyser ein trafikksituasjon med å skape ei ny trafikkfelle.