Hopp til innhold

Bøndene stengde Utvikfjellet

I frustrasjon over brotet i jordbruksforhandlingane stengde bøndene i Breim og Vikane Utvikfjellet.

Bøndene stengjer Utvikfjellet.

STENGT: Berre ambulansar og utrykkingskøyrety får passere på Utvikfjellet måndag morgon. – Vi blir møtt av mykje sinne og frustrasjon. Det var venta, men vi prøver å prate med folk og roe gemyttet, seier Anders Felde.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Bøndene bestemte laurdag for å ikkje setje seg til forhandlingsbordet med staten etter opningstilbodet på 900 millionar kroner.

I dag aksjonerte dei med å mellombels stenge Utvikfjellet frå 06 til kring 09.30. Då aksjonen starta klokka 06 var intensjonen at berre ambulanse og utrykkingskøyrety skulle få sleppe igjennom. Etter at politiet var i kontakt med dei vart trafikken sleppt igjennom med jamne mellomrom.

– Vi råkar diverre tredjepart i ein slik situasjon. Beklagar, men slik er det berre, seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren.

Vurderer fortløpande

Traktor ved E39 i Førde.

FØRDE: Bøndene markerer si misnøye med jordbruksforhandlingane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Bøndene kravde 2,2 milliardar kroner frå staten, og frustrasjonen er stor over at opningstilbodet ikkje var større.

Leiar i Breim bondelag, Anders Felde, seier at bønden på førehand hadde avklara seg imellom kor langt dei kan gå og når nok er nok for dagens aksjon.

– Men inntil vidare er det heilt stengt. Dette er noko vi vurderer fortløpande, sa han til NRK.no.

– Vi står her til politiet kjem, la han til.

Politiet avventar

Bøndene tykkjer sjølv aksjonen gjekk bra, men vedgår at dei møtte lite forståing hos mange av bilistane. Enkelte meldte ifrå til politiet, som igjen heldt kontakt med aksjonistane over telefon.

Operasjonsleiar Einar Vereide hos politiet sa tidlegare på dagen at dei følgjer situasjonen på Utvikfjellet.

Bøndene aksjonerer på Utvikfjellet.

STENGJER: Bøndene aksjonerer på Utvikfjellet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Dei har sagt at dei skal ta omsyn til trafikken, og sleppe opp med jamne mellomrom. Vi vurderer fortløpande kva vi gjer, men det er antyda at aksjonen blir avslutta om eit par timar, sa han.

Fleire aksjonar

Aksjonen på Utvikfjellet føyer seg inn i rekkjene blant fleire etter brotet laurdag. I Rogaland stengde bøndene E39 med traktorar, medan kring 70 bønder aksjonerte på E6 mellom Ringebu og Fåvang i Oppland.

I Nordfjord vart ordførarane kidnappa.

– Her får bilistane utdelt løypesetlar med faktainformasjon med situasjon som landbruket kome opp i. Vi serverer kaffi, yoghurt og gir bilistane anna godt å drikke. Vi skal prøve å ta dei av oss så godt som mogleg i denne vanskelege situasjonen som bøndene faktisk står i no, sa Hilleren om aksjonen på Utvikfjellet.

Fleire aksjonar i vente

Fjøs på Byrkjelo.

BREIM: Denne banneren heng på ein fjøs på Byrkjelo.

Foto: Privat

Leiar Felde i Breim bondelag seier bøndene blir ståande til politiet kjem og legg til at det blir fleire aksjonar i fylket både i dag og utover i veka.

– Det blir fleire aksjonar i dag, og det blir aksjonar utover heile veka. Vi tykkjer ikkje at vi valde ei særskilt hard aksjonsform. Det hardaste vi kan gjere er å slutte å produsere mat, og det har vi i alle fall ikkje vald å gjere i dag, seier Felde.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Navarsete er lei seg

Leiar Liv Signe Navarsete i Senterpartiet seier ho er lei seg for at det vart brot i jordbruksforhandlingane.

 liv signe navarsete

LEI SEG: Leiar i SP, Liv Signe Navarsete.

Foto: Siv Sandvik / NRK

At brotet skjedde med ein landbruksminister frå Senterpartiet legg ho ikkje så mykje vekt på.

– Eg trur nok at folk som kjenner meg som politikar, veit at eg uavhengig av landbruksminister er oppteken av at norsk landbruk får best mogleg vekstmoglegheiter og moglegheit for å styrkje si verksemd, seier ho og vedgår ho helst skulle sett ei anna utvikling på landbruksoppgjeret.