Bjarte Nordanger meiner norske media har feilinformert.
Bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Bjarte Nordanger er oppgitt over media si dekking av debatten kring norske landbruksinteresser kontra interessene til dei fattige bøndene i sør.
Nordanger meiner media har framstilt norske bønder som som dei vil ta livet av bønder i U-land.
- Dei store riksdekkande avisene har behandla oss svært dårleg, og dei har gjort det under påskot av å ville støtte U-landsbønder.
Under tittelen "Bøndene, milliardærane og verdshandelen" kjem Norges Bondelag med kraftig kritikk av både NRK, TV 2 og avisene. Dei meiner norske media ikkje har skjønt poenget i debatten kring forhandlingane i Verdas handelsorganisasjon.
- Dei store vinn
- Meida seier at med null toll så vil U-landa få store fordelar. Men det er ikkje fattige bønder som får eksportere. Det er multinasjonale selskap, seier Nordanger.
Han meiner derimot det er gigantar som EU og USA - som øydelegg for dei fattigaste bøndene på deira eiga heimebane.
- Desse bøndene kjem ikkje ut på verdsmarknaden. Dei har store nok problem med å kome ut på marknaden i sitt eige heimland, fordi multinasjonale selskap dumpar billege varer der.
Blir stadig fattigare
Og kanskje har Nordanger rett i at norske media feilaktig framstiller Brasil blant dei svakaste i klassen. Men her må i alle fall gjerast eitt unntak. Morgenbladet, som rett nok er lite, men likevel riksdekkande, tek denne veka for seg nettopp tilfellet Brasil.
Her lever meir enn halvparten av befolkninga under fattigdomsgrensa. Og dei fattigaste bøndene har berre blitt endå fattigare dei siste femten åra, trass i stadig meir frihandel i den søramerikanske marknaden.
- 50 kroner dagen
Også her blir det peika på at vinnarane er dei store, kommersielle farmane.
- Det finst godseigarar som har 40.000 arbeidarar under seg. Når vi veit at dei har under 50 kroner dagen så er det ikkje småbønder som tener på at tollen forsvinn.
- Men vil ikkje bøndene i dei aller fattigaste landa i Afrika ha fordelar av dette?
- Allereie i ti år har dei aller fattigaste landa fått eksportere tollfritt til Noreg. Det vil ikkje hjelpe dei at dei andre landa får eksportere.