Hopp til innhold

Bøndene rasar mot utstoppa bjørn

Bondelagsleiar Per Hilleren rasar mot måten bjørnen felt i fjor, skal visast fram for publikum.

Bjørn
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Bjørnen som vart felt i Fjærland etter lang tids herjing og jakt , skal visast fram med kulehol, liggande på ein isbre, med attlatne auge og med blodet rennande.

- Det var vel ikkje venta at den skal visast fram slik. Eg tykkjer det er ein provokasjon mot heile næringa å gjere det på ein slik måte, seier Hilleren.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER INNSLAGET)

Bjørnejakt i Sunnfjord.
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Utstilt som motvekt

Bjørnen var den første på mange år som vart felt i Sogn og Fjordane. NRK-humorist Ole Johannes Øvretveit kjøpte kjøtet , medan musea i fylket fekk bjørneskinnet . Ifølgje ei pressemelding er presentasjonen ei motvekt mot alle bileta av sauer tekne av rovdyr, men Gunnhild Systad i Sunnfjord Museum seier utstillinga ikkje er noko innlegg i rovdyrdebatten.

- Vi vil vise ulike sider av det å ha bjørn i vårt nærområde. Vi går også historisk til verks og viser korleis ein har sett og forholdt seg til bjørn, seier Gunnhild Systad i Sunnfjord museum.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER INNSLAGET)

Bjørnespor
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Måtte lide mykje meir

Men Per Hilleren kallar utstillinga som ein provokasjon mot bøndene. Den skal visast fram til skuleborn frå heile fylket. Hilleren hadde aldri trudd at den skulle visast fram slik. Han meiner det er umogleg å samanlikne ein bjørn skoten under jakt, og sauer som er rivne ihjel av ein bjørn.

- Det er litt merkeleg. Dette er ein bjørn som går rundt og river sauene sunde, bit av dei jur, der dyra lir mykje meir enn det bjørnen gjorde som fekk eit dødeleg skot gjennom seg, seier han.

Bjørneskrott
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

KVA MEINER DU OM MÅTEN BJØRNEN SKAL FRAMSTILLAST PÅ? SEI DI MEINING UNDER: