NRK Meny
Normal

Bøndene kan framleis ikkje senke skuldrene

Det er ikkje gjort nye observasjonar av ulv i Sogn og Fjordane dei siste dagane. Men det betyr ikkje at bøndene kan senke skuldrene.

lam tatt av ulv

TEKNE AV ULV: To sauer og åtte lam er tekne av ulv i Hellesylt i Stranda kommune. Det er ikkje langt frå Nordfjord i Sogn og Fjordane.

Foto: Tor Arne Tryggestad

Sist veke melde Statens Naturoppsyn at det var gjort fleire observasjonar av det som kan vere ein ulv i Nordfjord. Ulven har truleg vandra over Strynefjellet frå Ottadalen.

Rein Arne Golv som er rovviltansvarleg i Statens Naturoppsyn i Sogn og Fjordane seier måndag at dei førebels ikkje har fått melding om nye observasjonar her i fylket. Men det betyr ikkje at bøndene kan sleppe ned skuldrene.

– Ulvar og andre rovdyr fartar over veldig store avstandar. Det er veldig vanskeleg å seie kvar dei er, og korleis dei flyttar seg, seier Golf til NRK.no.

Ulv har teke sauer i nabofylket

Og det er ting som tydar på at ulven som er observert i Nordfjord framleis kan vere like i nærleiken. I Hellesylt og Strandadalen i Stranda kommune i Møre og Romsdal er det i løpet av dei siste dagane gjort fleire observasjonar av det folk meiner er ein ulv.

To sauer og åtte lam skal vere tekne av ulv, og fylkesmannen i Møre og Romsdal har gitt fellingsløyve.

Golf kan ikkje utelukke at det er den same ulven som er observert i Nordfjord som no er på ferde i nabokommunen i Møre og Romsdal.

– Det kan det godt vere, men vi kan heller ikkje utelukke at det er ein anna ulv, seier han til NRK.no måndag føremiddag.

Uansett om det er den same ulven eller ikkje, seier Golf at den like godt kan vandre tilbake til Nordfjord, som at den kan forflytte seg i andre retningar.

Ber bønder vere ekstra påpasselege

For folk er det ingen grunn til å frykte møte med ulv i marka, meiner Golf.

– Ein skal alltid ha respekt for ville dyr som ein møter i naturen. Men eit tilfeldig møte med ein ulv ute i norsk natur skal normalt sett ikkje utgjere noko fare for folk, seier han.

Med ein kalender som snart bikkar juni er det mange bønder som no vil sleppe dyra sine på utmarksbeite. Golf ber dei vere ekstra påpasselege.

– Eg reknar med at folk snart må sleppe dyra sine frå innmark til utmark, og det er ein risiko når vi har rovvilt i nærleiken. Dei må sikre ekstra tilsyn, og finn dei kadaver der dei mistenkjer at det er rovdyr som står bak, så må dei melde frå til oss, seier han.

Kor vidt det blir aktuelt med fellingsløyve på ulv også i Sogn og Fjordane, er førebels heilt uvisst.

– Om ein får påvist skade på beitedyr gjort av ulv, så vil fylkesmannen vurdere om det skal bli gitt fellingsløyve. Vi har per i dag ikkje fått meldingar om skade på dyr, seier Golf til NRK.no.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.