Hopp til innhold

Bøndene heng med geipen – må svi for det dårlege sommarvêret

Dårleg beite kan føre til økonomiske tap for bøndene. Sjølv om sola har kikka fram kan det gå enno ein månad før dei får sendt sauene på beite.

Hvit sau

BÆH: Sommaren har til no vore langt under middels. For sauebøndene får det konsekvensar i kroner og øre.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Om ikkje lamma får i seg nok næring i vekene før dei vert sendt til fjells kan det gje låg slaktevekt.

Hjå bonde Egil Ove Helleland i Vik er det framleis lite beite å ta av.

– Det er heilt barbert alt saman. Graset har ikkje fått starta å veksa, sjølv om snøen har fare, seier han.

– Sauene må gå heime ein månad til

Sauene hans har meir eller mindre skrapa matfatet på garden i Vik. Garden tronar 480 meter over havet. Og i fjellet lenger oppe, ligg framleis snøen tung.

Våren har vore strevsam for bonden.

– Sauene stod inne alt for lenge. Dei skal jo ha litt mat, så då blir det tilleggsfôring og ekstraarbeid. Her har det vore tung i år, ja.

Med smått og stort har han over 650 beitedyr. Framleis går dei heime.

– Sauene har gnege ned alt. Vinterfôr har me ikkje kunna tenkt på i det heile teke. No ser det ut til at sauene må beite heime ein månad til, seier han.

Låg slaktevekt kan skape problem

Og slik er det for mange bønder i fylket.

– Vi får daglege tilbakemeldingar om at det er mange som må jobbe iherdig for å takle situasjonen, seier Arve Arstein, rådgjevar hjå Norsk landbruksrådgiving i Sogn og Fjordane. Med dagens situasjon er det ein sjanse for at årets lamma vert små.

Alf Steinhovden

HAR VORE VERRE: Alf Steinhovden i Vestfor AS seier mangelen på fôr ikkje er like i ille som kriseåret for to år sidan.

Foto: privat foto

– Det er ille sjølvsagt. Alle vil sende tunge lam til fjells, seier han.

For låg slaktevekt gir dårlegare betaling til bøndene.

– For dei fleste er det er ikkje aktuelt å levere for lette lam til slakt, det blir det for lite pengar av. Då blir det sluttfôring, anten på godt beite heime, eller så må ein ty til kraftfôring. Det betyr seinare levering og dyrare fôring totalt sett, seier han.

Var enno verre for to år sidan

Alf Steinhovden i Vestfor AS i Eikefjorden seier mangelen på fôr ikkje er like i ille som kriseåret for to år sidan.

Men at han alt har fått bestilling frå bønder

– Det er ikkje vanleg at det kjem så mange førespurnader på slutten av mai og no i juni, seier han.

Bonde Helleland i Vik har no fått låne beite av gode naboar og håpar sommarbeitet snart vert klart til å ta i mot sauene hans.

– Eg har ikkje opplevd noko liknande. Me får berre tru at dette er eit spesielt år, seier han.