Hopp til innhold

Bøndene gjekk rett i strupen på ministeren

SKEI I JØLSTER (NRK): Landbruksministeren måtte forsvare seg med nebb og klør då han for første gong etter framlegginga av jordbruksmeldinga møtte bøndene på heimebane.

Vestlandsbøndene har møtt opp i hopetal til det opne møtet på Skei.

KNALLHARD KRITIKK: Anders Felde og andre bondeleiarar er svært kritiske

Vestlandsbøndene møtte fram i hopetal til det opne møtet på Skei om jordbruksmeldinga med landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Fylkesleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag meiner oppmøtet viser engasjement og misnøye med meldinga som legg opp til eit mindre politisk styrt og meir forbruk- og marknadsretta jordbruk.

– Vi meiner jordbruksmeldinga er eit altomfattande angrep på distriktsjordbruket. Bøndene har innsett at meldinga er ein trussel mot den produksjonen dei har, seier han.

Felde er kritisk til at jordbruksmeldinga legg til grunn ein kostnadseffektiv matproduksjon.

– Berre den setninga og det føremålet som regjeringa og ministeren trekkjer opp, gjer at det er eit trugsmål mot våre område i tida framover. For vi er avhengige av dei beste marknadsordningane, og vi er avhengige av pengar til dei minste bruka.

Jon Georg Dale

GLAD FOR MØTET: Landbruksminister Jon Georg Dale seier norsk landbruk treng å diskutere vanskeleg tema. – Det legg jordbruksmeldinga opp til, og eg vil gi Bondelaget honnør for at dei arrangerer dette møtet, og at vi viser at landbrukspolitikk ofte er større enn når du les riksmedia, seier han.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Også sauebonde og Sp-politikar Steinar Ness var på møtet.

– Landbruksminister Dale seier ikkje noko om at Frp vil senke tollvernet, han seier ikkje noko om at Frp vil at bøndene skal få dårlegare betalt for produkta sine og han seier ikkje noko om at Frp vil at fellesskapet sine tilskotsordningar til jordbruket skal reduserast, sa Ness.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) slo tilbake:

– Nedgangen i talet på bønder er mindre enn då Sp styrte og inntektsutviklinga i jordbruket er betre enn då Sp styrte. Det hadde vore veldig bra om Senterpartiet konsentrerte seg om noko anna ein tom retorikk, sa Dale.

Vil gjere to grep

Dale meiner meldinga legg opp til to naudsynte grep for vestlandsbonden.

– Det er framleis all grunn til å vere optimistisk på vegner av norsk landbruk. Produksjonen har teke seg opp, og lønsemda er styrka. Men eg meiner det er eit poeng at vestlandsjordbruket i 2015 hang etter på inntektsutviklinga.

Han seier at inntektsutviklinga i 2014 var 13 prosent, og også mjølkebøndene på Vestlandet tente gode pengar 2015.

– Vi må sørgje for at ikkje husdyrproduksjonen flyttar til flatbygdene på Austlandet, og med det sørgje for at kornareala vert haldne oppe. Punkt to er å sørge for at vi nyttar utmarksresursane betre enn i dag.

Møte på Skei

STORT OPPMØTE: Bønder og politikarar frå heile Vestlandet møtte fram for å delta i debatt med landbruksministeren i dag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fryktar for egg og geiter

Fylkesleiar Anders Felde er samd i at dette høyrest fornuftig ut, men fryktar mellom anna for at eggproduksjonen.

– Når ein også legg forenkling til grunn, betyr det mindre målretta verkemiddel retta mot dei minste bruka. Då kan vi ikkje oppnå det som vi meiner føremålet med landbrukspolitikken, nemleg eit landbruk over heile landet.

Landbruksministeren seier han har respekt for at forenklingsforslaga er eit vanskeleg tema i jordbruket, både for staten og bondelaget.

– Eg er heilt sikker på at så lenge denne regjeringa held fram, skal vi klare å halde oppe matproduksjonen i heile landet.

– Du kjem sjølv frå ei lita bygd i Volda med små gardsbruk. Kvifor denne kraftige effektiviseringa og sentraliseringa?

– Eg gjer ikkje det. Eg legg opp til at vi skal ha eit landbruk over heile landet basert på ei tydlegare geografisk produksjonsfordeling enn det som har vore varsla i ei jordbruksmeldinga på svært mange år. Det vel bondelaget å ikkje legge vekt på. Det burde dei ha gjort, for i det ligg det store moglegheiter blant anna for våre fylke.

Her kan du sjå opptak av møtet på Skei: