NRK Meny
Normal

Bøndene fryktar ny blodig sommar

Bondelaget fryktar ein ny blodig sommar på sauebeitet og ber rovviltnemnda få tak i meir statlege midlar til jervejakt.

Anders Felde

VIL HA MEIR: Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde, vil ha meir pengar til beredskap mot jerv i sommar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I Sogn var rekordmange sauer drepne av rovdyret i fjor . Fram til no er sju jervar tekne ut .

Men bondelaget fryktar det igjen kan bli ei katastrofal sommar for sauebønder.

– Det er klart at vi er uroa for mengda med jerv, seier bondelagsleiar Anders Felde.

Ber om meir midlar

Noralv Distad

SOM I FJOR: Leiar i rovviltnemnda, Noralv Distad, seier beredskapen blir som i fjor.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sogn og Fjordane bondelag ynskjer ekstra beredskap i sommar. I eit brev til Rovviltnemnda ber bondelaget om ekstra midlar frå staten, slik at bøndene kan få økonomisk støtte til rask hjelp om dei får problem med jerv.

– Vi ynskjer rett og slett at rovviltnemnda stiller med midlar slik at bonden som opplever enorme tapa slepp å leggje ut pengar og slepp å organisere all form for jakt sjølv i høve eit eventuelt uttak av eit skadeløyve, seier Felde.

Fekk nei på departementet

Noralv Distad er leiar i Rovviltnemnda. Han håpar at det store uttaket av jerv i år, kan gje ein betre sesong for sauebøndene i år.

– Ein har vore heldig og teke ut mange jervar i år. Ein trur at skadeomfanget ikkje blir stort i år, seier Distad og legg til at fylkesmannen, rovviltnemnda og kommunane står klare til å hjelpe bøndene dersom ein jervesituasjon skulle oppstå.

Nemnda har søkt om ekstra pengar frå Klima- og miljødepartementet til beredskap, men fekk negativt svar.

– Ikkje godt nok

Det betyr at beredskapen blir den same som i fjor.

– Vi hadde ynskt meir midlar til disposisjon enn det vi har. No må vi berre ta situasjonen som den er og så får vi ta kontinuerlege drøftingar dersom skadeomfanget blir veldig stort, seier Distad.

I bondelaget fryktar Felde at dette ikkje er godt nok.

– Det var i alle fall ikkje godt nok i fjor. Då opplevde bonden i Indre Sogn at han måtte leggje ut pengar, måtte organisere overnattingar og alt til jegerar som skulle ta ut skadeløyve, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.