Hopp til innhold

Bøndene frustrerte over nytt rovdyrutspel

– Det er ein utopi å tru at sauebønder kan leve side om side med ein stor gaupebestand, seier Marit Flatjord i Sogn og Fjordane Sau og Geit.

gaupe

FRISONE: Biologar vil rovdyr forrang framfor beitedyr i fleire område.

Foto: Wikimedia commons

– Det er ikkje kjekt å skulle sende sauene sine på fjellbeite og vite at her går det ei gaupe eller ein jerv. Dei er lystmordarar, seier Flatjord

Ei gruppe på fleire hundre biologar frå universiteta i Oslo og Bergen har levert eit opprop til Stortinget der dei krev meir gaupe på vestlandet. Biologane vil opprette frisoner der gaupa skal ha førsteprioritet, og landbruksnæringa lyt vike.

Uaktuelt

– Nei, vi treng ikkje fleire gauper i Sogn og Fjordane, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp)

Følling stiller seg dermed bak sauebøndene i fylket som rasar mot forslaget, men Naturvernforbundet seier dei støttar oppropet frå biologane.

Leder i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.

STØTTAR BIOLOGANE: :Lars Haltbrekken er leiar i Naturvernforbundet.

Foto: Are Føli / SCANPIX

– Vi støttar biologane i deira krav. Rovdyra har sin heilt naturlege plass, også på Vestlandet. Vi ser at andre land har klart å ha beitedyr i område med mykje rovdyr, seier leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.

Friområde for rovdyr

For tida går det om lag 350 gauper rundt om i landet vårt, men her i fylket er dyret eit svært sjeldant syn. Det er det fleire som no vil endre på.

Professor Harald Kryvi

FRISONER: Professor Harald Kryvi

Foto: Universitetet i Bergen

Gaupa er eit vakkert dyr, som er ein del av den opphavlege faunaen vår, seier biolog Harald Kryvi ved Universitetet i Bergen.

Kryvi tar no til orde for å opprette frisoner for gaupe.

– Det som bør opprettast over tid er område for rovdyra, der landbruksinteressene må vike, seier Kryvi.

Marit Flatjord

UTOPI: Marit Flatjord i i Sogn og Fjordane Sau og Geit

Foto: NRK

Marit Flatjord i Sogn og Fjordane Sau og Geit har ikkje tru på at det er mogleg å halde gaupa innanfor avgrensa område.

– Det er fort at det er mykje meir dyr enn det ein trur det er, og då spreier problemet seg utover, seier Flatjord.