Hopp til innhold

Bøndene får felle bjørn

Rovviltnemnda seier rovdyra ikkje skal ha tilhald i Sogn og Fjordane.

Brunbjørn
Foto: Per Løchen, NTB Pluss / Scanpix

- Vi har vel konkludert tidlegare i år, då vi fekk vite at det var observert bjørnespor i Luster, med at vi går inn for å gje to betinga fellingsløyve for bjørn.

Vil skyte bjørnen no

Her gjekk ein svolten bjørn

Suene skal ha fortrinn

Det seier Norvall Nøringset som er leiar i rovviltnemnda på Vestlandet. Han seier bjørn ikkje skal ha tilhald her i fylket.

- Det er no vår jobb å sjå til at vi forvaltar den stamma som er, og at det er mogleg å drive sauenæring på Vestlandet. Og forvaltninga seier at i denne regionen skal sauenæringa ha fortrinn, og då må ein ta ut dei skadedyra som skapar problem for bøndene, seier Nøringset.