Hopp til innhold

Bøndene får 31.000 kroner meir

Bondelagsleiaren hadde forventa meir etter at landbruksoppgjeret no er i hamn.

Per Hilleren

-HADDE VENTA SEG MEIR: Bondelagsleiar Per Hilleren er ikkje heilt nøgd med årets landbruksoppgjer.

Foto: NRK

Partane i landbruksoppgjeret er no samde om ein ny avtale. Den avtalen vil gi bøndene 31.000 kroner meir i inntekt. Det er 16.00 mindre enn kravet frå bøndene, men 6000 kroner meir enn tilbodet frå staten.

Fylkesleiar i bondelaget Per Hilleren hadde forventa meir frå Staten.

– Eg hadde venta meir frå staten enn dei har lagt fram her. Eg veit førebels ikkje om dette talar for å styrkje distriktslandbruket eller det er andre retningar.

Unngjekk storstreik

Liv Signe Navarsete

FÅR 12.000 MEIR ENN ANDRE I SNITT: Senterpartileiar Liv Signe Navarsete seier bøndene får meir enn andre grupper.

Foto: NRK

Då forhandlingane starta, var det stor avstand mellom partane. Kravet frå bøndene var på 46.800 kroner per årsverk, noko som ville gitt ei samla ramme på 1,97 milliardar kroner.

Fristen for å bli einige var 16. mai. Ved å komme til ei semje, unngjekk den raudgrøne regjeringa ein storstreik blant bøndene i eit valår.

Nøgd med avtalen

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete er nøgd med avtalen som no er i boks.

– Vi har lenge sagt at den norske bonden fortener betre betaling for den viktige jobben ho eller han gjer for fellesskapet.

Navarsete meiner oppgjeret er eit steg i rett retning. Dagens oppgjer gir bøndene 12.000 kroner meir enn andre grupper.

– Det er eit jordbruksoppgjeret som i snitt vil gi norske matprodusentar 31.000 kroner. Det er rundt 12.000 kroner meir enn for andre grupper. Ramma for oppgjeret er for 1,27 milliardar kroner. 580 millionar er for auka prisar, 500 millionar er på budsjettmidlar og noko er på overførte midlar frå i fjor. 190 millionar kroner er for auka verdi av jordbruksfrådraget.