Hopp til innhold

Bøndene får 1,9 milliardar

Landbruksoppgjeret er ferdig. Bøndene får 33.000 kroner per årsverk.

Traktor

Illustrasjon

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Som NRK erfarer er partane samde om landbruksoppgjeret. Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Per Hilleren, er mellomnøgd med oppgjeret.

- Har ikkje fått stadfesta dette talet, men i høve dei forventingane som er ute så kunne ein ynskt det mykje betre, seier han.

KVA MEINER DU OM OPPGJERET? SEI DI MEINING NEDERST I SAKA.

Ynskte seg meir

Bøndene får ein inntektsauke på i overkant av 33.000 kroner i året . Forhandlingane for jordbruket har ei råme på 1,9 millardar kroner. Av auken i overføringane skal 1,55 milliardar takast inn gjennom auka matvareprisar. Dei resterande 350 millionane kjem gjennom overføring i statsbudsjettet.

- Vi hadde ynskt oss at det kom mykje meir frå statsbudsjettet, men no er det slik dei har gjort det, så får vi vurdere det når vi får tala på bordet, seier Hilleren.

1,6 eller 1,9 milliardar

Staten sitt tilbod var opprinneleg på 1,6 milliardar kroner, medan bøndene kravde 3,3 milliardar. Resultatet skal no ut på uravstemning mellom medlemene i Norges Bondelag og Norges Bonde- og Småbrukarlag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- No må kvart enkelt medlem ta innover seg kva som er best. Blir det røysta i mot, så er det tilbodet frå Staten som blir ståand epå 1,6 milliardar kroner. Då år det til Stortinget og er det som er oppgjeret til oss, seier Hilleren.