Hopp til innhold

Bøndene er mest kreative

- Bøndene er den nye kreative klassen, seier forskar Jostein Vik ved Senter for bygdeforsking.

Finden gard
Foto: Innovasjon Norge

Årsaka er at over halvparten av norske bønder driv med attåtnæring i tillegg til tradisjonelt jordbruk.

- Bøndene er inovative og nyskapande. Dei driv med mykje meir enn det vi ser på som tradisjonelt landbruk, seier forskar Jostein Vik.

Få driv tradisjonelt landbruk

Heile 60 prosent av bøndene har attåtnæringar. 26 prosent driv med tradisjonelle attåtnæringar som slått, brøyting og leigekøyring. Dette kjem fram i undersøkinga "Trender i norsk landbruk 2006", som vert gjennomført av Senter for Bygdeforsking.

- Svært få bønder har høve til å berre drive med tradisjonelt jordbruk, seier Vik.

Satsar på kransar og juletre

Ei som har gått heilt vekk frå det tradisjonelle jordbruket og satsar på kreativ bruk av garden er Merete Larsmon i Bygstad i Gaular. Ho og mannen driv eit utradisjonelt gardsbruk. Dei dyrkar blant anna juletre, og lagar kransar av bar. Dei er og med i prosjektet "Inn på tunet" som er eit tilbod til born og unge. Det er fleire grunnar til at Larsmon ser verdi med å driva eit alternativt gardsbruk.

- Det er eit nytt bein å stå på for små bruk. Det er interessent, det er nytt og der er eit behov.

Ifølgje Vik er også reiseliv, gardsmat og grøn omsorg næringar som er i sterk vekst som attåtnæringar til det tradisjonelle jordbruket.