Hopp til innhold

– Meir slakting, mindre sex

Bondelagsleiaren tykkjer det er rart at ein kan vise gruppesex på fjernsyn, medan blod og slakting skaper reaksjonar.

Anders Felde

MEIR NATURLEG MED SLAKT: Leiar for Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde, meiner slakting høyrer meir heime på fjernsyn enn kva sex gjer.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det å slakte eit dyr er heilt naturleg og totalt uproblematisk. Sex høyrer heime mellom huset sine fire vegger, seier Anders Felde, som er leiar for Sogn og Fjordane bondelag.

Ei rekkje kjendisar var i programmet Folkeopplysningen på NRK1 med på å slakte sin eigen mat. I etterkant trekte kjendisane seg fordi dei var redde for å bli oppfatta som «slemme» og «dumme».

Felde synest det er problematisk at program som omhandlar sex har blitt meir naturleg enn program med slakting.

– Det er veldig synd. Eg er dessverre ikkje overraska. Folk er veldig følsame for korleis andre reagerer. Gruppesex har vi sett før, medan slakting blir framandgjort, seier han.

– Redde for å bli «grisetakla» i sosiale medium

Totalt seks kjendisar trakk seg frå programmet etter at dei slakta eit lam. Kjendisane sa dei var uroa for korleis dette ville spele inn på karrieren. .

– Folk er redde for å bli «grisetakla» i sosiale medium, meiner Felde.

No fryktar bondelagsleiaren at folk skal maten kjem frå fabrikkar.

– Det er viktig at unge og vaksne veit kor maten kjem frå, og kor mykje arbeid som ligg bak. Det er levande dyr som har fått mat og har det bra. Slakt er ein veldig naturleg del av matbordet, seier Felde.

Kan vi spise kjøtt med god samvittighet eller burde vi bli vegetarianere alle sammen? Programleder Andreas Wahl undersøker konsekvensene av å spise kjøtt.

SJÅ EPISODE: Her kan du sjå episoden med programleiar Andreas Wahl.