NRK Meny
Normal

Bondelagsleiar imot samdriftkrav

Leiaren i Sogn og Fjordane Bondelag går imot kravet frå bønder i fylket om å halde oppe investeringstønaden til samdriftsfjøsar.

Bjarte Nordanger.
Foto: NRK

Planane om mange slike fellesfjøsar kan bli stogga dersom denne stønaden vert redusert. Og under jordbruksforhandlingane stør fylkesleiar Bjarte Nordanger bondelaget sitt framlegg om maksimalt 600.000 kroner i stønad til kvar samdriftsfjøs.

- Får kjempe vidare etterpå

- Bondelaget er ein demokratisk organisasjon, og i forhandlingane har Norges Bondelag gått inn for 600.000 kroner. Det må vi bøye oss for i denne omgang, og så får vi kjempe vidare for å få endringar seinare, seier Nordanger.

- Går ut over fellesfjøssatsinga

Investeringsstønaden til samdriftsfjøsar har tidlegare vore på 25 %. Bjørn Haugland frå Eid og andre bønder som planlegg samdrift er svært skuffa over at Norges Bondelag vil redusere denne stønaden til maksimalt 600.000 kroner. For planane til Haugland og hans samarbeidspartnerar betyr det at dei får 1,9 milliionar kroner mindre i stønad. Han trur dette vil gå ut over fellesfjøssatsinga her i fylket.

Fylkesleiaren i Bondelaget stør likevel Norges Bondelag.

- Så lenge det er forhandlingar så må vi godta at det er Norges Bondelag som forhandlar for oss, og så får vi heller ta tak i saka etterpå.

- Er det då gale av bønder å reise dette kravet medan forhandlingane pågår?

- Gjer jobben enkel for Staten

- Eg forstår kvifor dei gjer det, men eg skulle ynskje at dei let vere. Dersom vi skal ha ein splitt og hersk-teknikk innan bondelaget etter at kravet vårt er fremja, då får Staten ein veldig enkel jobb når ikkje vi står samla som næring.

- Skuffa over fylkesleiaren

- Eg kan ikkje forstå at det kan vere så skadeleg å fokusere på dette under forhandlingane, seier Bjørn Haugland. Han er skuffa over at Bjarte Nordanger stør Norges Bondelag.

- Nordanger talar ikkje saka til gardbrukarane i Sogn og Fjordane. Det er veldig stor trong for investeringar i landbruket.