Hopp til innhold

Bondelaget vil verne fylkesmannen si landbruksavdeling

Dei nye storfylka leiter etter nye oppgåver, og har sett seg ut fylkesmannen si landbruksavdeling. No protesterer bøndene.

Anders Felde

SKEPTISK: Anders Felde og bondelaget er skeptiske til å flytte landbruksoppgåver frå fylkesmannen til fylkeskommunen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– No er politikarane berre opptekne av dette med nye oppgåver til fylka, men kvifor høyrer dei ikkje med oss først om det er ein god ide? Det seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag Anders Felde.

Dei 19 fylka her i landet skal bli til ti eller elleve. Då meiner fleire politikarar at dei må få sysle med fleire ting enn berre vegar og vidaregåande skular, som er hovudoppgåvene deira i dag.

No har landbruk blitt peika ut som eit område der fylkeskommunane kunne tenkt seg meir makt og påverking.

– Vi har eit prinsipielt syn på dette, og tenkjer at det er eit gode om vi får fleire oppgåver ned på eit folkevalt nivå, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling.

Jenny Følling reagerer på forslag ny fordeling av rasmidlar.

VIL HA MEIR: Jenny Følling vil ha fleire oppgåver til dei nye storfylka

Foto: Oddleif Løset / NRK

Fryktar ein byggjer ned viktige fagmiljø

Anders Felde i bondelaget likar ikkje tanken på at fylkesmannen skal miste oppgåver til fylka. Han er godt nøgd med slik stoda er i dag.

– Vi er veldig godt fornøgde med det arbeidet fylkesmannen si landbruksavdeling gjer i dag, og ønskjer ikkje å forandre på det.

Fylkesmannen jobbar mellom anna med å dele ut ulike midlar som heng i hop med støtteordningar til landbruket. Også har dei mykje ansvar knytt til å vurdere saker der folk ønskjer å byggje på landbruksjord.

Felde fryktar for den kompetansen som i dag er hos fylkesmannen.

– Om du fjernar nokre oppgåver eller nokre folk, så er du samstundes med på å byggje ned fagmiljøet. Det fagmiljøet som er hos fylkesmannen knytt til landbruk vil vi ikkje miste.

Moderne landbruk

VIL LA FOLKEVALDE HA KONTROLL: Jenny Følling meiner det er eit viktig poeng at meir av landbrukspolitikken bør styrast av folkevalde politikarar.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Det er Stortinget som skal bestemme

Jenny Følling kjenner seg trygg på at også fylka skal klare å byggje opp eit brukandes fagmiljø på landbruk, om dei får høve til det.

– Det viktige her er at vi vil ha demokratisk kontroll over nokre av desse spørsmåla som går på skjønn. Då er det eit viktig prinsipp å flytte det frå byråkratiet, og ned til dei folkevalde, seier Følling.

Det er Stortinget som til siste skal bestemme kva som skjer med landbruksavdelingane hos fylkesmennene, og kva nye oppgåver dei nye storfylka skal få.

Seinare i vinter skal eit ekspertutval levere sine tankar om korleis dette kan løysast.