Hopp til innhold

Denne sauebonden vil tene 200.000 kroner på tilbodet frå staten

Sauebønder med store buskapar vil tene godt på staten sitt tilbod til bøndene. Sauebonde Kjell Olav Kusslid vil med sin buskap på 300 sauer tene 200.000 kroner ekstra på tilbodet frå staten.

Kjell Olav Kusslid

ER POSITIV TIL FORSLAGET: Sauebonde Kjell Olav Kusslid vil tene mykje på det nye tilbodet til bøndene. No vil han få utteljing for kvart lam han leverer til slakt.

Foto: Bård Siem / NRK

Medan Sau- og geitalslaget i fylket er uroa over tilbodet frå staten, seier Kjell Olav Kusslid meiner det er rett å satse på heiltidsbonden.

– For drifta mi kjem dette til å vere positivt, for ein får betalt ut frå kva varer ein produserer, seier han.

Får auka tilskot for lamma

Det er sauer og lam på alle baugar og kantar i fjøset til Kjell Olav Kusslid i Førde i Sogn og Fjordane. Med 300 vinterfôra sauer og 770 nyfødde lam blir aldri stilt og det ikkje mykje ledig plass. Forgangen er full av silo og sauer og lam verkar mette og fornøgde. Også bonden sjølv er fornøgd med årets tilbod frå staten.

Medan overføringane til kvar vaksen sau er føreslått redusert, blir det lagt opp til å auke tilskotet til kvart fødde lam. For dei som har mange sauer vil dette slå svært positivt ut, seier Kusslid.

– Slik det har vore til no, har det vore altfor mykje produksjonstilskot på dei vaksne dyra. For dei første femti sauene, har produksjonstilskotet vore så stort at det har blitt ei kvilepute. Det har ikkje vore så nøye med kva ein produserer.

– Tek frå dei små og gir til dei store

Magnar Juklestad

KRITISK: Sauebonde Magnar Juklestad tykkjer tilbodet frå staten er uverkeleg.

Foto: Bård Siem / NRK

Kusslid sin ros av tilbodet står i skarp kontrast til det sauebonde Magnar Juklestad uttalte til NRK onsdag morgon.

– Hovudreaksjonen min er at eg ser på det som uverkeleg. Det er mykje verre enn vi trudde.

Juklestad, som er fylkesleiar i Småbrukarlaget, har berre 30 vinterfôra sauer og meiner han vil tape mykje på omlegginga i tilskotsordninga.

– Det verste med tilbodet er at dei gjennom endringa av tilskotssystemet, tek frå dei små og gir til dei store, seier han.

Heller ikkje sauebonde Lars Nesse, som er nestleiar i sau- og geitalslaget i Sogn og Fjordane, er fornøgd med tilbodet til sauebøndene.

– Kravet frå organisasjonane var ti gonger større enn tilbodet frå staten. Beitenæringa er ikkje prioritert i det heile teke. Signalet er at det skal vere store einingar når det gjeld alt. Jammen skal det mange store eininga til for å halde oppe saueproduksjonen berre her i fylket, seier Nesse.

Trur på meir profesjonell drift

Men Kusslid står på sitt og seier det er på tide med ei omlegging, der det blir satsa meir på verkeleg vil drive profesjonell sauedrift.

– No blir det slik at ein kuttar ned på dyretilskotet og gir heller slaktetilskot på produsert vare. Det vil bli ei gulrot for å produsere lam. Det treng vi i Norge fordi vi har mangel på lam. Anten ein er stor eller liten sauebonde, vil dei som får fram mykje lam gjere det betre. Dei som ikkje produserer lam, vil gjere det dårlegare, seier han.

– Kor mykje betyr dette for deg?

– Det vil utgjere 200.000 kroner per år. Eg har mange sauer og dette viser at det har vore for dårleg for oss som driv som heiltidsbønder, seier Kusslid.