NRK Meny
Normal

Langreiste ballar til kortreiste kyr

FLORØ/NAUSTDAL (NRK): Mange bønder har no desperat behov for dyrefôr, etter at grasavlingane i fjor var uvanleg dårlege.

Rundballar levert i Naustdal

LEVERT PÅ DØRA: Bonde Jan Erik Horstad har måtte kjøpe rundballar som er importert frå Nederland.

Bonde Jan Erik Horstad i Naustdal har 70 storfe som skal ha mat. Så langt i år har det kosta han 100.000 kroner.

– Dette gjer eit stor innhogg i botnlinja og privatøkonomien, men når vêret blei som det blei, er dette den einaste løysinga.

Han er ein av mange som må ha hjelp av forimportørar. Ein dårleg sesong i fjor har gjort at bønder landet over no treng hjelp for å fø dyra.

Desperate bønder

Rundballar på kaia i Florø

IMPORT: Onsdag fekk importør Alf Steinhovden mange rundballar til kai i Florø.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Fôrimportør Alf Steinhovden har travle dagar og blir nedringt av bønder. Det er tomt i heile Skandinavia og Steinhovden importerer no dyrefôr frå Nederland. Han får meldingar frå desperate bønder.

– Vi er to som ikkje har fôr til dyra vår. Anten levere du fort som f ..., eller så seier du at du ikkje klarer, les Steinhovden på mobilen sin.

Onsdag kom ei båtlast med rundballar til kaia i Florø. Steinhovden har selt fleire rundballar så langt i år, enn i heile fjor.

– Det er ein uvanleg situasjon. Aldri før har det vore så tomt.

Leiar Anders Felde i Sogn og Fjordane bondelag seier mange bønder har det vanskeleg no.

– Ingen bønder let dyra gå utan mat. Får ein ikkje tak i mat, må dyra slaktast.

Katastrofalt vått i fjor

Jan Erik Horstad

MYKJE PENGAR: Den dårlege sesongen i fjor, har kosta Jan Erik Horstad dyrt i år.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Jan Erik Horstad i Naustdal er mellom dei heldige, for han har fått tak i maten dyra hans treng.

– Eg har ikkje måtta kjøpe fôr på mange år. Men førre sesong var nesten katastrofal våt. Det var mykje areal eg ikkje fekk slått. Eg har måtte kjøpe for 100.000 kroner i år, men det er ein liten pris for å behalde dyra.

Bonden håpar likevel dei får kortreist mat om ikkje lenge og håper på ein god sesong. Og sjølv om formangel kostar bonden dyrt, ser han lyst på framtida.

– Eg er ikkje uroa, for slike år har vi innimellom når vi driv med dette. Det er svingingar, og vi kan få ein kjempesommar i år. Eg er optimist, seier han.

Kyr på bås

LIKAR MATEN: Jan Erik Horstad seier kyra likar det imporerte dyrefôret.

Foto: Fredrik Helland / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune