– Eg må seie at eg vart litt overraska. For det var ikkje jerv eg var på jakt etter, seier Tor Inge Midtun om dyret viltkameraet foreviga i Mørkridsdalen i Luster.
Til våren slepper den ferske sauebonden for første gang sauer på beitet i det same området som viltkameraet tok bilete av jerv 12. februar.
Seinast i 2014 blei det utbetalt over tre millionar i erstatning til bønder i Indre Sogn for jerven sine herjingar i saueflokkane.
Les også:
– Fleire individ
Om det er denne jerven som seinare har lagt att ekskrement funnen i Vettismorki (Årdal), Sotrutladalen, Bjørnstegen og Båtedalen (alle Luster) dei neste dagane, kan ein førebels ikkje seie sikkert.
- Les også:
Ei heller om det er denne jerven som det er observert spor av ved Ulvehaugen på Hemsedalsfjellet eller Longvasseggi i Stryn.
- Les også:
– Observasjonen, spormeldingane og ekskrementprøvene er vi sikre på er frå jerv. Vi er ikkje sikre, men vi trur at meir enn eitt individ har vore i området, seier regional rovviltansvarleg i Statens naturoppsyn (SNO), Rein Arne Golf.
Skal ikkje vere jerv
Politikarane har bestemt at det ikkje skal vere ynglande jerv i rovviltregionen på Vestlandet. Men jerven bryr seg fint lite om politiske vedtak og fylkesgrenser. Den vandrar der den vil, og kan gå lange avstandar på kort tid.
- Les også:
Teoretisk sett kan ekskrement funne i Sogn stamme frå nokre av dei seks jervane som sidan nyttår er felte på Oppland-sida av fylkesgrensa.
– Sjølv om det blir tatt ut jerv kvart år i regionen, så kjem det inn nye dyr. Det er usikkert om desse slår seg til, eller berre streifar igjennom, seier Golf.
Ekstraordinært uttak
Lisensjakta slutta 15. februar utan at nokon av dei åtte dyra det var gjeve løyve på i rovviltregionen på Vestlandet vart felte. Midtun, og andre sauebønder nær fylkesgrensa til Oppland, håpar at Sogn og Fjordane står på blokka når Miljødirektoratet gjev SNO løyve til ekstraordinære jerveuttak.
Det gjer også Aleksander Øren Heen, leiar i rovviltnemnda region 1.
– Eg har vore i kontakt med direktoratet og Sogn står på blokka. Eg ventar at vi får ekstraordinære uttak i vår region, seier han til porten.no.
Færre jervekull
I 2015 vart det registrert 50 jervekull i Norge. Dette er ein nedgang på 15 kull samanlikna med året før.
Rovdyret gav bøndene i Indre Sogn ein marerittsesong i 2014.
– Det er jo ikkje noko god tanke at det kan vere jerv i området der sauene skal beite, men kva anna kan ein gjere, seier han.