NRK Meny
Normal

Droppa du bilen fordi det har byrja å lyse her?

FØRDE (NRK): Bomringen rundt Førde kan ha fått folk til å velje vekk bilen på opningsdagen. Spørsmålet er om nedgangen i trafikk vil vare.

No kostar det pengar å køyra inn og ut av Førde.

Ved midnatt natt til i dag lyste det grønt for første gong i bomringen rundt Førde. Dei neste 12 åra må du betale for deg om du skal køyre på vegane inn til sentrum.

Samanlikna med trafikken som var inn til byen sist måndag morgon, var det ein nedgang i trafikken i tidsrommet mellom klokka 06 og 10 i dag. På dei fem teljepunkta er det registrert mellom to og sju prosent færre passeringar.

– Men det kan vere fordi det var gratis bybuss i dag, eller at nokon sykla fordi det var så fint vêr, seier prosjektleiar for bompengeringen i Førde, Arve Seger.

Ordføraren gler seg

Meiningane om bomringen i Førde har vore delte, og er det framleis. Medan nokon seier dei vil handle andre stader enn i Førde, vel andre å sjå det positive i det.

Ein av dei som er overtydd om at Førdepakken blir til det betre for alle, er ordførar i Førde, Olve Grotle (H).

– Vi får større og større trafikkutfordringar i framtida. Men med dei grepa vi no tek, vil vi få bukt med trafikkutfordringane og få ein meir attraktiv by, seier han.

Trur det vil jamne seg ut

Til saman skal det krevjast inn litt over ein milliard kroner i bompengar dei neste 12 åra. Pengane skal brukast på bilvegar og gang- og sykkelvegar.

Med rabatt og bombrikke vil prisen ligge på 20,80 kroner per passering for ein personbil. Maksprisen for ein personbil blir 624 kroner per månad, altså at ein betaler for maksimalt 30 passeringar. Det gir ein årspris på 7488 kroner.

Men kjem folk til å velje vekk bilen fordi dei må betale for seg? Første dagen med bompengar har det altså vore ein liten nedgang, men Arve Seger understrekar at det er mykje for tidleg å seie noko ut frå det.

– Nedgangen er ikkje vesentleg enno, seier han.

Han kjenner seg rimeleg trygg på at folk vil køyre til Førde som før.

– Eg trur det vil jamne seg ut på dei åra vi skal halde på. Ein har sett andre plassar at trafikken går litt ned i starten, men så jamnar det seg ut. Men vi skal følgje med, seier han.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast