NRK Meny
Normal

No er dei som festa desse politimeld

Fleire meter med kjetting møtte naturforvaltaren som var på tilsyn i Briksdalen. Politiet fekk i fjor 88 meldingar på brot av naturmangfaldlova på landsbasis.

Kjetting og boltar i fjellveggen

KJETTING OG BOLTAR: Slik såg det ut då naturforvaltar Maria C. Knagenhjelm var på ein rutinemessig tur i området. I alt var det fleire meter kjetting og fleire boltar på to strekker langs stien opp til Kattanakken.

Foto: Maria C. Knagenhjelm

Nokon har teke seg jobben med å gjere delar av den populære stien opp til turmålet Kattanakken i Briksdalen tryggare, men utan å søke om løyve hos nasjonalparkstyret.

– Inngrepet vart vurdert så omfattande at eit samrøystes styre valde å politimelde det, seier Maria C. Knagenhjelm, naturforvaltar i nasjonalparkstyret.

Maria C. Knagenhjelm

NATURFORVALTAR: Maria C. Knagenhjelm oppdaga kjettingane under ei synfaring i Briksdalen i fjor haust. No er saka meld til politiet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Området er ein del av Jostedalsbreen nasjonalpark som i 1991 vart verna ved forskrift. Nasjonalparkstyret si oppgåve er å forvalte nasjonalparken innanfor rammene av verneforskrifta og naturmangfaldlova. Det var under ei synfaring i Briksdalen i fjor haust at naturforvaltaren fann kjettingar og boltar som var festa i fjellveggen langs stien.

– Slike tiltak må godkjennast på førehand. Arbeidet gjort for å sikre stien, men så lenge vi ikkje kan kvalitetssikre arbeidet er det falsk tryggleik for dei som brukar stien, seier Knagenhjelm.

Nasjonalparkstyret fekk tilråding frå Miljødirektoratet om å politimelde saka.

Frå løypa til Kattanakken

ULOVLEG INNGREP: Slik er kjetting og bolt festa i fjellet på stien opp til Kattanakken. Inngrepet er no politimeld.

Foto: Maria C. Knagenhjelm

Ulike brot på naturmangfaldlova

Tal frå politidirektoratet viser at det i fjor på landsbasis var 88 meldingar på brot av naturmangfaldlova. Miljødirektoratet stod for 50 av desse meldingane. Sju-åtte av meldingane frå Miljødirektoratet utgjer brot i verneområde.

– Dei mest alvorlege brota er saker der inngrepa er irreversible, som ulovleg hogst og planering av terreng, seier seksjonsleiar Olav Nord-Varhaug i Miljødirektoratet.

– Vi har døme på saker kvar nokon har søkt om å bygge eit tilbygg, så ser vi at det er bygd mykje større enn kva dei søkte om. Det ender ofte i politimelding, seier han.

Andre ulovlege saker som førte til politimelding var ulovleg motorisert ferdsel, dumping av avfall og anna forureining. Tal meldingar frå Miljødirektoratet har vore jamt dei siste åra.

Kjetting og boltar i fjellveggen

KATTANAKKEN: Det er på stien opp til Kattanakken at kjettingar og boltar er festa i fjellveggen. Truleg for å gjere stien meir sikker.

Foto: Maria C. Knagenhjelm

Prinsippsak

Politiførstebetjent ved Eid lensmannskontor, Lisbeth Engesæter, stadfestar at dei har teke i mot meldinga. Ho kan ikkje svare på kva tid dei vil ha meir informasjon i saka.

For nasjonalparkstyret er politimeldinga ei prinsippsak.

– Det er viktig at styret vurderer om denne stien skal ha tilrettelegging eller ikkje. Med tilrettelegging vil ein kanskje føre urøynde folk inn i område dei ikkje har føresetnad for å gå. Dette området var utan inngrep, men no er gjort irreversible tiltak, seier Knagenhjelm.

Nasjonalparkstyret vil gjerne legge til rette for at fleire skal bruke stiane i nasjonalparken, men seier det er viktig at slike inngrep vert søkt om på førehand.

– Styret kan sjå desse tiltaka i ein større samanheng. På den måten blir det betre for alle partar. I tillegg kan turgåarar då vere trygg på at alt er montert skikkeleg og vert halde ved like, seier naturforvaltaren.

Laster kart, vennligst vent...

TUROMRÅDE: Stien til Kattanakken er ein populær turveg. Mellom 1. juni og 1. november i fjor registrerte dei over 6000 passeringar med ferdselsteljaren langs stien.

Vegopning på Bergum i Førde kommune