Vidar Vie blir fram til nyttår konstituert direktør når Jon Bolstad tek permisjon som administrerande direktør.
- Dette er noko eg har ynskt lenge. I samråd med styreleiar har vi kome til at tidspunktet no er bra. Styret har vedteke strategiplanen, og vi står framfor nokre månadar med meir vanleg sakshandsaming, seier Bolstad til Bergens Tidende.
- Fagleg påfyll
Ovanfor avisa avviser Bolstad at permisjonen har noko med stormen kring den framtidige sjukehusstrukturen i fylket. I juni vedtok styret strategiplanen som
.I staden skal det etablerast distriktsmedisinske senter på desse stadane.
Den omstridde planen skal handsamast av styret i Helse Vest. Truleg vil heile året gå før det skjer. Bolstad startar permisjonstida 1. september.
- Eg har vore i jobben i seks år, og føler trong for ein periode der eg kan bruke tid på fagleg påfyll og eigenutvikling, seier Bolstad til BT.