Helse Førde-direktør Jon Bolstad må tole sterk kritikk for ein intern e-post, der han ber ortopediklinikken i Lærdal om å late vere å ta inn lokale pasientar. Dette bryt med pasientane sine rettar til fritt sjukehusval, seier kritikarane. Og helseminister Sylvia Brustad har bede fylkeslegen granske Bolstad sin framgangsmåte
- Urettferdig kritikk
Men Bolstad for no støtte frå overlegane ved sjukehusa i fylket. Tillitsvald Rune Arild Larsen seier det er med stor undring han ser at Bolstad vert kritisert for å handle utifrå økonomi og ikkje pasientrettar.
- Det vert urettferdig å skulde han for å ikkje tenkje pasientrettar. Han har vel tenkt i eit litt større perspektiv i høve til kva for avtalar som var inngått for helse førde.
20 prosent frå fylket
For i ein avtale mellom Helse Vest og Helse Førde står det klart at berre kvar femte pasient ved ortopediklinikken skal vere lokale, resten skal kome frå andre fylke. Pasientane utanfrå gir nemleg langt større inntekter til Helse Førde. Dette var også det økonomiske fundamentet klinikken vart starta på.
Og då Bolstad sende ut e-posten i oktober i fjor hadde klinikken behandla for mange lokale pasientar i høve til avtalen.
- Sikrar aktuttilbodet
- Eg skjønar at folk i indre Sogn gjerne vil verte behandla i Lærdal. Og Lærdal sjukehus har eit veldig flott ortopedisk miljø no, som sikrar at det også er nokon der som også kan ta seg av akuttskadar, seier Larsen
- Men er det rett at ei 80 år gammal kvinne frå Aurland må reise til Nordfjordeid i stadenfor Lærdal for å ta ein operasjon?
- Viss det at ho må reise til Nordfjordeid sikrar at ho får kome til Lærdal når ho har knekt armen eller foten så er et kanskje ein vinn vinn situasjon, meiner Larsen.
Tabbe?
- Men det må jo bety at klinikken i Lærdal er unnateken frå den generelle reglen om fritt sjukehusval?
- Eg trur det ikkje var nokon som tok stilling til det då den vart etablert, hevdar overlegen.
- Det var kanskje ein tabbe?
- Kanskje. Men eg trur det ville vore politisk umogeleg.