Hopp til innhold

Bolstad beklaga seg på direkten

Styreleiar og administrerande direktør i Helse Førde svarte på lesarane og lyttarane sine spørsmål i ettermiddagssendinga tysdag.

Administrerande direktør, Jon Bolstad, i Helse Førde.

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, beklaga at mange pasientar må ligge i korridorane på sjukehuset i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Elsa Tystad frå Gloppen var mellom lyttarane og lesarane som deltok med spørsmål og meiningar om framtida for spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane.

- Kvifor kan ikkje Eid sjukehus ha korridorpasientar, medan dei i Førde kan ligge på gangen, spurte ho.

- Ho har eit poeng

Tystad nemnde som eksempel ei dame som fekk slag, men som ikkje fekk vere på Eid. Ho vart sendt til sentralsjukehuset i Førde der ho vart liggande i korridoren.

- Innringar har eit poeng, vedgjekk administrerande direktør, Jon Bolstad og avviste at Eid var friteken for korridorpasientar.

Beklaga seg

- Dersom det er betre å ligge på gangen ein annan stad, så kan ein lure på om vi har god nok samhandling og om ting er godt nok avklara mellom sjukehusa. Det skal vere lik praksis for desse tinga, sa han og beklaga at pasientar må ligge i korridorane.

- Det er ikkje ynskjesituasjon å verken vere, eller å bli lagt på gangen. Også av omsyn til pasienten sin tryggleik er det uheldig. Det må vi beklage, sa han.

Kutt i administrasjonen?

Svein Ove Fossen frå Høyanger var mellom mange som stilte spørsmål ved kutt i administrasjonen. Han poengterte at føretaket legg ned avdelingar og seier opp folk, men ikkje klarar å komme i mål økonomisk.

- Vi høyrer veldig ofte at det er mykje ressursar som blir brukt i administrasjonen. Vi har tal som viser at vi er på og under landssnittet i løn. Vi har også tal på at det er færre direktørar no, enn då fylkeskommunen dreiv det, sa han.

Har kutta

På spørsmål frå programleiar Eldgrim Fossheim, om det ikkje er meir å kutte i administrasjonen, svara Bolstad:

- Det er der vi har kutta dei siste åra, i støttefunksjonar og i administrasjonen. Vi har faktisk auka tal legar og tal sjukepleiarar per 1 000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane.

Sender direkte frå møte

Onsdag er det styremøte i Helse Førde der budsjettet for 2010 blir handsama. Skal føretaket klare å tilfredsstille resultatkravet på 40 millionar kroner i underskot, må styret onsdag kutte 55 millionar kroner i drifta i høve inneverande år.

Sendinga går direkte på NRK sitt nett-TV frå klokka 09 .