Hopp til innhold

Bolseth: – Vi saknar flyten vi hadde i vår

SOGNDAL-BRANN 0–0 (NRK): Stonga stod i vegen for tre poeng til Sogndal i sluttminutta. Kaptein Rune Bolseth føler laget manglar den siste vesle flaksen.

Sarr og Karadas i duell

TØFFE DUELLAR: Etter berre fire minutt måtte både Babacar Sarr og Azar Karadas få behandling utanfor bana etter ein tøff hovudduell. Begge kom innpå att og heldt fram krigen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Nittitre minutt var passert av det sjansefattige oppgjeret mellom Sogndal og Brann. Så eksploderer det, først ved eit langt sogndalinnkast som treff stanga, så ved eit brassespark frå Otoo som går rett i klypene til brannkeeper Piotr Leciejewski frå kort hald.

– Det er vanvitig surt når ballen treff stanga på innsida, nærare kjem du ikkje. Det hadde vore herleg å ha litt flyt der, seier kaptein Rune Bolseth.

Full tribune

TETTPAKKA: 5300 tilskodarar på Fosshaugane vart vitne til ein sjansefattig affære, før det eksploderte på overtid.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Har mista flyten

I vår gjekk det meste Sogndal sin veg. I det siste føler han det har vore mest stong ut.

Leciejewski vart redningsmannen

REDNINGSMANN: Piotr Leciejewski skal ha mykje av æra for at Brann kan reise heim til Bergen med eitt poeng.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Ting har ikkje heilt gått vår veg, men vi må berre fortsette å jobbe beinhard framover, så skal vi fortsette å vinne mange kampar, seier Bolseth.

Ein viktig grunn til at det vart mållaust er tidlegare sogndalkeeper Piotr Leciejewski. Han varta opp med to feberredningar i førsteomgang og stod i vegen då Sogndal pressa på overtid.

– Det er godt å ha nokre gode redningar og hjelpe laget. Fantastisk!, seier Leciejewski til NRK etter kampen.

Småampert mellom Sogndal og Brann

SMÅAMPERT: Det var til tider høg temperatur på Fosshaugane i kveld. Her er det tilløp til basketak mellom Rune Bolseth, keeper Mathias Dyngeland og debutant for Brann, Steffen Skålevik. Azar Karadas prøver å rydde opp.

Foto: Steinar Lote / NRK

Merka det tøffe kampprogrammet

Med siger i dag hadde Brann sjansen til å kome likt med Sandnes Ulf på andreplass. Med uavgjort er det framleis to poeng opp, samstundes som dei må sjå Kristiansund gå forbi på tabellen med betre målforskjell, etter ein sterk heimesiger mot nettopp rogalandslaget.

– Nokon vil kanskje seie at det berre er eitt poeng. Men til slutt vil kvart poeng telje. No er vi berre to poeng bak Sandnes Ulf og alt er mogleg, seier Leciejewski.

Annulert mål

ANNULLERT MÅL: Bulldosar Azar Karadas har nettopp pløgd både ballen og keeper Dyngeland over streken. Steffen Skålevik ropar på mål, men blir ikkje høyrt.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sogndalkaptein Rune Bolseth, trur det tøffe kampprogrammet gjorde sitt til at spelet aldri kom opp på nivået frå i vår.

– Eg trur vi var litt slitne. Vi har hatt eit tøffare kampprogram enn Brann og det kjente vi utover i kampen, seier han.

Trenar Eirik Bakke sat på tribunen under kampen etter det raude kortet mot Fredrikstad. I tillegg har han fått presseforbod frå Norges Fotballforbund og stilte ikkje til intervju etter kampen.

Laster innhold, vennligst vent..