NRK Meny
Normal

Karriereslutt for Bolseth: – Veldig spesielt

Etter 15 år og 404 kampar i Sogndal-drakta sette Rune Bolseth karrierepunktum mot AaFK søndag kveld. Midtbanelegenda har mange gode minner frå tida i klubben.

Eliteserien fotball 2016: Sogndal - Ålesund.

KARRIERESLUTT: Leiar av Saftkokaradn, Vidar Vadseth, fekk Rune Bolseth si drakt i den siste kampen for Sogndal.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

– Eg er irritert over at vi ikkje klarte å vinne den siste kampen, er Rune Bolseth sin første reaksjon på spørsmål om korleis det var å gå av bana på Fosshaugane for siste gong.

Det viser kanskje noko av det vinnarinstinktet som har drive midtbanespelaren gjennom mange år i norsk toppfotball.

Sjølv om 4–2 tapet for Aalesunds Fotballklubb var bittert for klubblegenda, vart han likevel litt rørt når han tenkjer på at dette var den siste kampen i den kvite trøya.

– Eg har spelt 15 år i Sogndal, og når eg går inn på bana og veit at det er siste kampen og går av bana og veit at det ikkje blir ein gong til, er det veldig spesielt, fortel mannen med 404 kampar for klubben.

– Mange gode minner

Rune Bolseth

SISTE DANS: Rune Bolseth blei bytta ut etter 68 minutt til ståande applaus.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

15 år for same klubb er ein sjeldan bragd i den moderne fotballen, og 36-åringen frå Sandane angrar ikkje på alle åra i Sogndal.

– Eg har hatt det fantastisk fint her, både på bana og utanfor bana. Eg trivst veldig godt i bygda og fotballen har gitt meg utruleg mykje. Er har mange gode minner, seier han, og trekkjer fram noko av det første han opplevde i Sogndal-drakta som det største.

– Det første opprykket i 2000 når vi slo Vålerenga mot alle odds. Det var byrjinga på tida mi her og eg fekk mange flotte år i eliteserien etter det, seier Bolseth, som no skal inn i støtteapparatet i klubben.

– Vil sakne han

Bolseth fekk lovord frå aust og vest på sin siste dag som toppspelar. Blant dei som stod først i køen for å rose midtbanespelaren, var klubben sin trenar, Eirik Bakke.

– Han har bidrege til at Sogndal har haldt seg på toppnivå dei siste 15–16 åra. Det er ein fantastisk ambassadør, ein fantastisk gut og ein fantastisk fotballspelar, meiner han.

– Han har levert på eit veldig høgt nivå med profesjonalitet, positivitet, kreativitet på bana. Vi kjem til å sakne han, samanfattar Bakke.

Dette var også Hannu Patronen sin siste kamp for Sogndal. I tillegg er Mahatma Otoo og Ruben Holsæter ferdig i klubben.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser