NRK Meny
Normal

Bolseth sin nye kvardag

SOGNDAL (NRK): For første gong på 2000-talet skal ikkje Rune Bolseth vera på fotballbana som spelar. – Det er litt rart, seier han.

Rune Bolseth på trening for Sogndal

TRENAR: Rune Bolseth i si nye rolle, som trenar for Sogndal. – Men eg får vera med å spela nokre minutt innimellom på treningane når vi manglar folk, seier han.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Den tida vi går inn i no rett før seriestart var ei spennande tid som spelar, og det kjennest litt rart å ikkje skulle vera på bana i år, seier Rune Bolseth til NRK.

For sidan 1999 har det kribla ekstra i beina til Bolseth på denne tida av året, for då har sesongen vore rett rundt hjørnet. Men han la opp som fotballspelar etter førre sesong, etter over 400 kampar i den kvite Sogndal-drakta. I tillegg fekk han med seg tre sesongar i Hønefoss.

Framleis i miljøet

Men å halde seg heilt vekke frå fotballen var aldri eit alternativ. No skal han utvikla dei unge spelarane i klubben, som trenar for andrelaget og spelarutviklar for førstelaget.

Å få vera ein del av fotballmiljøet i Sogndal er viktig for han.

– Heilt klart. Det hadde vore rart å berre gi seg og gå over i noko heilt anna. Eg har bytt over til trenargarderoben i år, men eg er framleis tett på spelarane. Sogndal har vore ein stor del av livet mitt, og det er viktig for meg, seier Bolseth til NRK.

Han legg ikkje skjul på at han trivst godt i den nye rolla.

Eliteserien fotball 2016: Sogndal - Ålesund.

KARRIERESLUTT: Leiar av Saftkokaradn, Vidar Vadseth, fekk Rune Bolseth si drakt i den siste kampen for Sogndal i fjor.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Heile teamet frå fylket

Medan Sogndal-spelarane spring rundt på graset og gjer forskjellige øvingar, går Bolseth rundt og flyttar kjegler, ropar litt innstruksar, hentar ballar og følgjer nøye med.

Tidlegare har han tatt B-trenarkurs, men han har mål om å ta det eit steg vidare.

– Eg håpar å komme inn på A-trenarkurs til sommaren. Eg likar meg godt som trenar og ser for meg å halde på med dette i mange år framover, seier Bolseth.

I det sportslege apparatet rundt Sogndal Fotball er det 11 personar. Alle kjem frå Sogn og Fjordane.

– Det er nok ganske unikt og ei styrke. Alle som er her har eit forhold til klubben, og det trur eg er ein fordel, seier han.

Om få dagar vert eliteseriesesongen 2017 sparka i gang. At han ikkje skal spela i år tar Bolseth med knusande ro.

– Eg har no fått nokre minutt med speling når det har mangla folk på trening, seier han med sitt vande glis.

Laster innhold, vennligst vent..
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser