Hopp til innhold

Bolseth kan reise

Ni spelarar må gå, i tillegg reiser kanskje Rune Bolseth.

Rune Bolseth

FERDIG I SOGNDAL? Rune Bolseth har bede om tenkepause.

Foto: Sander Heggheim/NRK / NRK

Ni Sogndal-spelarar har fått beskjed om at dei er ferdige i klubben ved årsskiftet. I tillegg kan kaptein Rune Bolseth slå følgje med dei ut døra.

- Sogndal var min andre heim, seier polske Lukaz Nadolski.

- Alvorleg knekk

26 kampar frå start og stor sportsleg framgang var ikkje nok for 22-åringen. No reiser han heim til Polen - kanskje for å gå på universitetet, kanskje for å spela meir fotball. Han veit ikkje, for motivasjonen og humøret har fått seg ein alvorleg knekk.

- No må eg sjå kva eg skal gjere i framtida.

- Var ein tung dag

Det har lenge vore klart at leigespelarane Jon Midttun Lie, Kenneth Kvalheim og Thomaz Grabowski var ferdige. I tillegg har klubben sin nye administrative leiar, Trond Fylling, gitt Anders Stadheim, Oddbjørn Skartun, Morten Christensen, Tarjei Dale, Daniel Lubienecki og Lukaz Nadolski beskjed om at klubben ikkje har interesse av å forlenge kontraktene som går ut ved nyttår.

- Eg hadde ein tung dag i går, det er ikkje ein lett situasjon verken for spelarane eller oss. Eg kjenner dei godt og slik fotballmarknaden er blitt så er det tøft for mange av dei. i tillegg er det ikkje avklart med Valtter Laaksonen som er utleigd og som har eit år igjen av kontrakten og Rune Bolseth skal svare i midten av desember, seier Fylling.

Treng tenkepause

For klubben sin kaptein og kanskje viktigaste spelar, Rune Bolseth, står også utan kontrakt. Han er den einaste av desse spelarane klubben vil beholda - men Bolseth har bedt om tenkepause.

- Det er fordi eg har lyst å sjå om det dukkar opp noko anna interessant. Eg trivast veldig godt i Sogndal, så eg det skal litt til for at eg flyttar på meg.

- Du er 29 år gammal, er det litt slik no eller aldri?

- Ja, det kan du seie, for så lenge ein har kontrakt så er det håplaust i forhold til å bli kjøpt. Men no når eg kan gå fritt, så blir det litt kanskje enklare.

15 sikre namn

Dermed står klubben per no med berre 14 sikre namn i troppen til neste år, i tillegg til unge Gustav Valsvik som er på veg inn.

I tida framover vil mykje handle om kva Rune Bolseth vil. Det veit sandensaren ikkje sjølv enno, men fortel at det skal litt til for at han reiser.

- Etter ti flotte år i Sogndal, så må eg iallefall tenkje meg godt om.