Hopp til innhold

Bolseth kan hamne i eliteklubb

... og Tommy Øren er på veg til Sogndal.

Rune Bolseth

PÅ VEG TIL ELITEN? Rune Bolseth er i kontakt med fleire klubbar i eliteserien. Han er samstundes den einaste kontraktslause spelaren i Sogndal klubben vil fornye kontrakten med.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Rune Bolseth er mellom mange spelarar i Sogndal som ved årssikftet står utan kontrakt med klubben.

Overfor Bergens Tidende stadfestar midtbaneslitaren at han er i kontakt med fleire klubbar i eliteserien med tanke på framtida.

- Eg har følarar ute. Men alt er veldig usikkert. Eg vil avvente framtida i Sogndal og sjå om det kjem eit tilbod av interesse. Så får eg eventuelt vurdere det opp mot det Sogndal kan tilby, seier glopparen til avisa.

Er i kontakt med fleire

Rune Bolseth har spelt for Sogndal i ti år, og er den einaste av dei kontraktslause spelarane klubben vil ha med vidare.

Ifølgje Bolseth sjølv skal fleire klubbar i eliteserien vere mellom dei aktuelle alternativa hans fram mot neste sesong.

Øren tilbake til Sogndal

Tommy Øren

PÅ VEG HEIM: Berre detaljar står igjen før Tommy Øren igjen kan spele for Sogndal.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Det er samstundes klart at Tommy Øren nærmar seg ein kontrakt med Sogndal.

Tommy Øren har dei siste åra spelt for HamKam etter overgangen frå Sogndal. Han opplevde eit surt nedrykk til 2. divisjon med klubben på Briskeby denne sesongen.

Ifølgje sogndalfotball.no står berre detaljar igjen før partane er samde, og den rutinerte angriparen igjen kan trekkje den kvite drakta over hovudet.