Hopp til innhold

No er Rune Bolseth tilbake som spiss

SOGNDAL (NRK.no): Rune Bolseth er tilbake på laget, når eit Sogndal i poengnaud i kveld tek imot Strømsgodset på heimebane.

Rune Bolseth skårar mot Hønefoss

ÅRETS FØRSTE: Rune Bolseh er tilbake etter skade, og startar årets første kamp i eliteserien. Her frå ein tidlegare kamp mot Hønefoss.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er veldig kjekt å vere tilbake. Eg har vore skada lenge no, sa Rune Bolseth til NRK.no ein time før kampstart.

Etter ein tøff seriestart, er Sogndal svoltne på årets første trepoengar. Men: På motsett banehalvdel står den regjerande seriemeisteren.

Bolseth veit det blir ei tøff oppgåve.

– Vi har heimebane, så vi går uansett for å vinne - sjølv om Godset nok er favorittar. Vi skal uansett bite godt ifrå oss, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Rune Bolseth før kampen

Bolli startar - Otoo er på benken

Her er Sogndal sitt lag mot Strømsgodset:

Mathias Dyngeland - Bjørn Inge Utvik, Kristoffer Nesse Stephensen, Gustav Valsvik - Taijo Teniste, Petter Strand, Helge Haugen, Ørjan Hopen, Logi Valgardsson - Rune Bolseth, Ulrik Flo

På benken sit Erik Dahlin, Truls Hovland, Ruben Holsæter, Kristian Fardal Opseth, Tim Nilsen og Mahatma Otoo.

– Du skal spele spiss. Kva kan du bidra med i ein slik kamp?

– Eg har jo vore med ei stund. Så eg kan bidra med rutine. Så får vi sjå etter kampen, seier Bolseth.

Trur Sogndal må kontre

Den røynde midtbanespelaren trur Strømsgodset vil gå på bana for å styre kampen. For Sogndal handlar det om å demme opp.

– Vi må vere gode i forsvarsspelet, og vere kompakte der. Det er nok nøkkelen. Dei vil nok ha ballen mykje, så får vi heller kontre dei i senk, seier Bolseth.