Hopp til innhold

Bolseth blir i Hønefoss

Han er imponert over opprykket til gamleklubben, men Rune Bolseth blir i verste fall med Hønefoss ned til 1. divisjon. Han kjem ikkje «heim».

Rune Bolseth

RISIKERER NEDRYKK: Mens Sogndal rykkjer opp, kan Rune Bolseth og Hønefoss rykkje ned.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Den tidlegare Sogndal-kapteinen har 2-årskontrakt med Hønefoss og må no bu seg på kvalikspel for å halde på plassen i eliteserien.

Rosar Hovland og Aabrekk

– Ein retur til Sogndal er ikkje aktuelt kommande sesong, seier Bolseth til NRK.

Frå Ringerike har han følgt Sogndal tett på TV, og meiner ein skadefri Even Hovland har betydd mykje for den sterke Sogndalsesongen.

– Trenar Harald Aabrekk har også gjort ein solid jobb og gitt laget eit tydleg spelemønster seier Bolseth som spelte for Sogndal i ti sesongar.

Har slite med skader

Han har slite med fleire skadeavbrekk etter at han gjekk til Hønefoss framfor 2008-sesongen, og var heller ikkje med i troppen då laget tapte borte mot Strømsgodset i eliteserien søndag.

Bolseth vart i sommar meniskoperert.

– Eg kan vere aktuell for spel i dei moglege kvalikkampane, seier 30-åringen.