Hopp til innhold

Bølgjer frå skip øydelegger verna område

Bølgjer frå båtar er ein viktig årsak til erosjonen og øydeleggingar langs Nærøyfjorden. Det konkluderer Statens naturoppsyn (SNO).

Nærøyfjorden - Fjord Norge

EROSJON: Verna område langs Nærøyfjorden vert øydelagde av bølgjer, og skip er ein viktig årsak, konkluderer Statens naturoppsyn.

Foto: Katrin Moe

SNO har undersøkt omfanget av erosjon i det verna området, etter fleire klager. Nærøyfjorden verneområdestyre bestilte rapporten.

– Det er til dels ganske stor påverknad i strandsonen, både på dyrka mark og på murar, som følgje av bølgjer, seier Kristoffer Ullern Hansen i SNO.

Skip er ein viktig årsak

Spørsmålet er om bølgjene kjem frå skip eller naturleg vind og straum. Ullern Hansen meiner skip er ein viktig årsak.

– Eg konkluderer med at det i alle fall ikkje er noko som peikar veldig av retning at den naturlege erosjonen utgjer ein veldig stor del av totalbiletet. Det er generelt lite vind og straum innover i fjorden.

– Så det er grunn til å tru at skadane kjem frå bølgjer frå båttrafikk på fjorden?

– Ja, det er heilt opplagt ein del av det. Eg kan ikkje talfeste på eit vitskapleg grunnlag kor stor del av skadane. Men det er tydeleg at bølgjer frå båtar er ein viktig del av totalbiletet.

Foreslår utvida område for fartsgrenser

I rapporten kjem SNO med nokre råd for å stogge den omfattande erosjonen.

– Ein kan gjere fleire ting. Det som blir gjort er at vi byggjer opp, restaurerer og reparerer murar etter kvart som dei rasar ut.

I tillegg kjem dei med eit råd som har vore debattert tidlegare.

– Vi foreslår å forlenge sona med fartsgrenser inne i Nærøyfjorden, som i dag byrjar omtrent ved Dyrdal og går til Bakka. Ved å sette start og sluttstrek litt lenger nord og litt lenger sør, vil ein ta nokre av bølgjene som senkar farten seint eller aukar farten tidleg.

Er det ikkje eit paradoks at båtane som fraktar folk som skal sjå på det verna området også er med på å øydelegge det verna området?

– Jo, det kan du godt seie, og det tangerer cruisedebatten. Ein anna ting vi foreslår er å greie ut om ein skal sjå nærmare på kva slags båtar som går på fjorden. Spørsmålet er om ein skal stille meir krav til typen båtar og kor mykje bølgjer dei lagar.