Hopp til innhold

Bokstrid årsak til Tande P-boikott

Tande P sin advokat meiner ein bitter strid om eit bokprosjekt er bakgrunnen for den komande rettssaka mellom han og Vågsøy kommune.

Alf Tande-Petersen.
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Les og: Tande-P krev Tall Ships-film stogga

Les og: Tande-P krev erstatning frå Vågsøy kommune

- Vi anar ikkje kor mange som er selde. Vi anar ingenting. Vi sit eigentleg som spørsmålsteikn og forstår ikkje kva som har skjedd her, seier Alf Tande Petersen sin advokat, Thomas Rukin.

Les og: Brukte 10 mill for mykje

2000 selde

Det var på førjulsvinteren 2007 at boka "Måløyraidet- starten på Hitlers nederlag" kom ut. Lokalhistorikar Terje Sølvberg, Helge Hjelle og Alf Tande-Petersen stod bak boka. Sølvberg og Tande-Petersen som skribentar, Hjelle som administrator.

Over 2000 bøker av eit samla opplag på 3000 skal vere selde. Tande P. skal ha uttrykt sterk misnøye med økonomistyringa av bokprosjektet. Dette skal i følgje advokat Rukin vere ei avgjerande årsak til at Hjelle sparka Tande P. ut av filmprosjektet om Tall Ships Races.

Fekk namnet Robek 1 og 2

Ikkje svar frå ordføraren

TV-kjendisen reagerte sterkt på utestenginga, og dokumenta frå advokat Rukin heiter det mellom anna at utestenginga både er usakleg, rettsstridig og eit klart brot på avtalen med Tall Ships Races. Vidare går det fram at Tande P. tok kontakt med Vågsøy-ordførar Roger B. Silden, men at heller ikkje det førte fram. I dokumenta frå advokaten heiter det mellom anna følgjande:

"Tande P. tok også kontakt med leder for hovudkomiteen i TSRM, Roger B. Silden for å gi uttrykk for sitt syn på utestenginga. Samt å bidra til en minnelig løsning slik kontrakten initierer. Roger B. Silden har foreløpig ikke svart på henvendelsen".

Ferdig mot Tande P sin vilje


Filmen om Tall Ships Races vart ferdiggjort og salet har pågått i lengre tid, utan Tande P. sitt samtykke. Tande P, som har vore ein del av filmprosjektet i fleire år, har difor saksøkt Vågsøy kommune, som stod som formell oppdragsgjevar for filmprosjektet. Han krev salet av filmen umiddelbart stoppa. Saka kjem opp i Fjordane Tingrett den 15. januar. Dersom ikkje salet av filmen blir stoppa, kjem Tande P til å krevje nærare ein million kroner i erstatning, fortel Rukin.

Ingen forklaring frå Hjelle

Rukin fortel at Helge Hjelle for ei god stund sidan vart beden om å kome med ei forklaring på kvifor Tande P ikkje får informasjon om bokprosjektet og kvifor han vart kasta ut av filmprosjektet. Hjelle skal så langt ikkje ha gjeve noko svar.

- Der har vi skrive til Hjelle personleg og bedt om ei forklaring, men vi har så langt ikkje fått noko svar. Utgangspunktet er at Tande P. ynskjer ei forklaring på kvifor han har vorte utestengt frå ferdigstillinga av dvd'en om Tall Ships Races Måløy. Han har jobba med dette i fem år. Ein månad før den skal ferdigstillast så får han ikkje svar på nokon av sine henvendingar og dvd'en er ferdigstilt i desember og lagt ut for sal, seier Rukin.
Helge Hjelle vil ikkje kommentere denne eller andre saker som knyter seg til Tall Ships Races.